Modul: Overgangen frå barnehage til skole

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 75 minutt

Målet med denne modulen er at personalet kjem i gang med å undersøke kva for kunnskap om realfagleg arbeid som er viktig for å skape kontinuitet og samanheng for barnet i overgangen frå barnehage til skole. I modulen blir dei kjente med eit utdrag frå Barnehagespeilet 2016 som tar for seg overgangen frå barnehage til skole, og som skisserer overgangstiltak.

Overgangen frå barnehage og skole kan barn oppleve som ei stor omvelting. Når skolen bygger på kjente arbeidsmåtar og barna sine eigne erfaringar og kunnskapar om realfag, er det med på å skape tryggleik og oversikt for dei. Det handlar om å skape samanheng og flyt, og hindre brot for hovudaktøren i overgangen, altså barnet.

Dette seier Rammeplan for barnehage om overgangar

  • Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skole legge til rette for at barna kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole.
  • De eldste barna skal få mulighet til å glede seg til å begynne på skolen og oppleve at det er en sammenheng mellom barnehagen og skolen.
  • Barnehagen skal legge til rette for at de eldste barna har med seg erfaringer, kunnskaper og ferdigheter som kan gi dem et godt grunnlag og motivasjon for å begynne på skolen.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye, og sjå raskt gjennom modulen (A–D. I denne modulen er det ikkje C – Utprøving.)
  • Gjer A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og forbered deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing til B – Samarbeid:

  • Skriv ut Utdrag og spørsmål til modulen  eller planlegg å vise det på storskjerm. 
  • Ha tavle/flipover/plakat for å skrive ned innspel frå deltakarane. 

Førebuing til D – Etterarbeid:

  • Skriv ut Plan for vidare arbeid med overgangen frå barnehage til skole.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Les Utdrag frå Barnehagespeilet 2016 (pdf).

Tenk over og noter:

  • Kva for nokre av desse momenta jobber de allereie godt med?
  • Kva moment kan de jobbe meir med / har de eit utviklingspotensial på?

B – Samarbeid

30 minutt
Grupper

De skal vurdere praksisen til barnehagen eller skolen og saman bli einige om kva de vil jobbe vidare med og korleis.

Samarbeidsoppgåve 1 (10 minutt)

Del det de har notert i A – Forarbeid med kvarandre i plenum. Den som leiar modulen skriv ned ideane til deltakarane på ei tavle/flipover/plakat.

Samarbeidsoppgåve 2 (20 minutt)

Jobb i grupper. Bruk Utdrag og spørsmål til modulen (pdf) og vurder barnehagen eller skolen ut frå desse.

C – Utprøving

I denne modulen er det ikkje C – Utprøving.

D – Etterarbeid

30 minutt
Plenum

Oppsummering i plenum (15 minutt)

Kvar gruppe deler det dei har diskutert med dei andre deltakarane, og den som leiar modulen oppsummerer. 

Vegen vidare (15 minutt)

Ut frå det de har diskutert i B – Samarbeid, bli einige om:  

  • Kva vil de jobbe meir med?
    For eksempel:
    • Vi har behov for å vite meir om korleis andre barnehagar eller skolar jobbar med realfaga.
    • Vi har behov for å vite meir om kva styringsdokumenta seier om opplæring i realfaga.
    • Vi har behov for å vite meir om arbeidsmåtar i realfaga i barnehage og/eller skole.
  • Kven vil det vere naturleg og/eller formålstenleg å samarbeide med for å få til dette?
  • Bli einige om kva punkt de vil starte med og kven som tar ansvar for dei fram til neste gong de møtast.
  • Bli einige om tidspunkt for neste møte.

Den som leiar modulen dokumenterer det de blir einige om på det utskrivne skjemaet Plan for vidare arbeid med overgangen frå barnehage til skole (pdf).