Modul 2: Omgrepslæring

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 165 minutt + utprøving med elevar

Målet med denne modulen er å bli bevisst på kvifor det er nødvendig å fokusere eksplisitt på sentrale omgrep for å utvikle djupneforståing hos eleven. Modulen viser eksempel på korleis legge til rette for progresjon i omgrepsutviklinga til elevane.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarene

  • Les målet for modulen nøye.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom PowerPoint-presentasjonen som de skal bruke under gjennomføringa av modulen.
  • Skriv ut artikkelen Begrepslæring i naturfag til deltakarane, dersom dei ikkje jobbar digitalt.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Reflekter over korleis du jobbar med omgrepslæring i di eiga naturfagundervisning:

  • Korleis vel du ut kva for omgrep du skal vektlegge?
  • Korleis underviser du for at elevane skal lære desse omgrepa?
  • Kva er fordelar med å undervise omgrep på denne måten?

Ta med svara dine til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

90 minutt
Grupper og plenum

Gruppearbeid knytt til forarbeid (20 minutt)

Diskuter oppgåvene frå forarbeidet to og to. Del med kvarandre i plenum etterpå.

Fagleg påfyll (50 minutt)

Gjennomfør dei to leseoppdraga for artikkelen Begrepslæring i naturfag (pdf). Diskuter setningar som beskriv omgrepslæring og bruk av bindeord. Gjennomgå teori om omgrepslæring og bruk av bindeord.

Planlegg eiga undervisning (20 minutt)

Sett dykk inn i metoden Ordkoplingar på sida Metoder for å utvikle det naturfaglige språket (naturfag.no), og planlegg bruk av metoden i tilknyting til eit tema du jobbar med. De kan velje om de jobbar individuelt eller fleire saman.

C – Utprøving

Del av undervisningsøkt
Individuelt eller fleire saman

Gjennomfør den planlagde aktiviteten med strategien ordkoplingar med eigne elevar. Under og etter gjennomføringa skal du reflektere over:

  1. Korleis brukar elevane dei sentrale omgrepa du har valt ut? Gå rundt og lytt til gruppene. Legg merke til om elevane brukar omgrepa i samanheng og på ein måte som gir meining.
  2. Fekk elevane moglegheiter til å øve på omgrepa i ulike samanhengar? Noter nokre eksempel og ta med til D – Etterarbeid.

D – Etterarbeid

40 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (30 minutt)

Del erfaringar frå utprøvinga. Kvar gruppe skal notere tre tips. Diskuter korleis metoden ordkopling kan brukast for å tilpasse omgrepslæring til dei ulike behova til elevane.

Oppsummer i plenum (10 minutt)

Kvar gruppe deler erfaringane sine og tre tips. Oppsummer om bruk av metodane ordkopling og leseoppdrag og knyt det til artikkel om djupnelæring frå modul 1.