Modul 2: Følg opp elevresponsar – korleis gi gode tilbakemeldingar?

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 140 minutt + utprøving med elevar

Målet med denne modulen er å få auka kompetanse i undervegsvurdering gjennom å tolke elevresponsar og følge opp desse gjennom gode munnlege tilbakemeldingar.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom presentasjonen til modulen. Den brukar de som støtte til gjennomføringa.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
  • Dersom de ikkje jobbar digitalt, gi deltakarane beskjed om å ta med modulheftet frå modul 1.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Reflekter over følgande spørsmål:

  • Kva tenker du at tilbakemelding er? Tenk over eksempel frå eigen praksis.
  • Kvifor gir du tilbakemeldingar?
  • Kva gir du oftast tilbakemelding på?

Ta notat, og ta dei med til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

75 minutt
Grupper og plenum

Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 min)

Bruk notata frå forarbeidet, og diskuter i grupper.

Bruk dei siste fem minutta til ei felles oppsummering frå gruppene.

Teori og fagleg påfyll (40 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Planlegg eiga undervisning (20 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Planlegg eiga undervisning der du brukar ei grubleteikning.

  • Kva responsar kan du forvente frå elevane dine?
  • Skriv ned eksempel på oppfølgingsspørsmål som kan leie elevane i ønskt retning ut frå læringsmålet du har sett.

C – Utprøving

Del av undervisningsøkt
Individuelt eller fleire saman

Gjennomfør den planlagde aktiviteten der du brukar ei grubleteikning. Under gjennomføringa skal du reflektere over:

  1. I kva grad bidrar tilbakemeldingane dine i form av planlagde oppfølgingsspørsmål til utdjupande informasjon om elevane si forståing?
  2. I kva grad klargjer tilbakemeldingane dine for elevane kva dei har forstått og kva dei ikkje har forstått?

Til D – Etterarbeid skal du førebu deg på å dele tankar og erfaringar frå utprøvinga.

D – Etterarbeid

50 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 min)

Del erfaringar frå utprøving i grupper. Kvar gruppe skal notere eit par konkrete tips knytt til kvart av punkta de reflekterte over under gjennomføringa.

Summer opp i plenum (10 min)

Ta ei oppsummering i plenum der kvar gruppe deler tipsa sine.

Tenk-par-del (12 min)

I kva situasjonar i den framtidige undervisningspraksisen din vil du ha auka fokus på tilbakemeldingar som verktøy for å få fram meir informasjon om forståinga til elevane?

Vegen vidare (8 min)

Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.