Realfagsløyper er eit verktøy for kompetanseutvikling i matematikk- og naturfagdidaktikk for tilsette i barnehagar og skolar.

Ulike deltakere som diskuterer

Realfagsløyper er utvikla av Matematikksenteret og Naturfagsenteret på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Prosjektet starta våren 2017. Nettsida og det første faglege innhaldet blir lansert våren 2018. Deretter vil det kome nytt innhald hausten 2018, og våren og hausten 2019. Mindre oppdateringar og justeringar vil skje fortløpande.

    Realfagsløyper skal bidra til å nå dei fire måla i strategien Tett på realfag (2015–2019):

    1. Forbetre barn og unge sin kompetanse i realfag gjennom fornying av faga, betre læring og auka motivasjon.
    2. Redusere talet på barn og unge på lågt nivå i matematikk. 
    3. Fleire barn og unge skal prestere på høgt og avansert nivå i realfag.
    4. Forbetre kompetansen i realfag hos barnehagelærarar og lærarar.

      Infomateriell

      Presentasjon, brosjyre, filmar, logoar og illustrasjonsbilde for Realfagsløyper