Modul 2: Følg opp elevresponsar

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 135 minutt + utprøving med elevar

Målet med denne modulen er å få auka kompetanse i undervegsvurdering gjennom å gi gode munnlege tilbakemeldingar til elevane og å justere undervisninga basert på elevresponsar.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom presentasjonen til modulen. Den brukar de som støtte til gjennomføringa.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
  • Dersom de ikkje jobbar digitalt, gi deltakarane beskjed om å ta med modulheftet frå modul 1.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Reflekter over følgande spørsmål:

  • Kva tenker du at tilbakemelding er? Tenk over eksempel frå eigen praksis.
  • Kvifor gir du tilbakemeldingar?
  • Kva gir du oftast tilbakemelding på?

Ta notat, og ta dei med til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

80 minutt
Grupper og plenum

Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 minutt)

Bruk notata frå forarbeidet, og diskuter i grupper.

Bruk dei siste fem minutta til ei felles oppsummering frå gruppene.

Teori og fagleg påfyll (45 minutt)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Planlegg eiga undervisning (20 minutt)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Planlegg eiga undervisning der du brukar ein av strategiane du ble kjent med i modul 1. Spørsmål å svare på:

  • Kva er læringsmålet i neste realfagstime?
  • Sjå på stega i strategien du har valt. Kva responsar kan du forvente frå elevane dine? Skriv ned eksempel på oppfølgingsspørsmål som kan leie elevane i ønska retning ut frå læringsmålet du har sett.

C – Utprøving

Del av undervisningsøkt
Individuelt eller fleire saman

Gjennomfør den planlagde aktiviteten der du brukar ein av læringsstrategiane. Under gjennomføringa skal du reflektere over i kva grad:

  1. dine tilbakemeldingar i form av planlagde oppfølgingsspørsmål bidrar til utdjupande informasjon om elevane si forståing?
  2. dine tilbakemeldingar klargjer for elevane kva dei har forstått og kva dei ikkje har forstått?
  3. elevresponsar er med på å bestemme nivået på undervisninga?

Til D – Etterarbeid skal du førebu deg på å dele tankar og erfaringar frå utprøvinga.

D – Etterarbeid

40 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 minutt)

Del erfaringar frå utprøving i grupper. Kvar gruppe skal notere eit par konkrete tips knytt til kvart av punkta de reflekterte over under gjennomføringa.

Summer opp i plenum (10 minutt)

Ta ei oppsummering i plenum der kvar gruppe deler tipsa sine.

Vegen vidare (10 minutt)

Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.