Modul 4: God repetisjon og øving

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 170 minutt + utprøving med elevar
Resonnering og argumentasjon, Representasjon og kommunikasjon

Målet med denne modulen er å vise korleis ein kan repetere og øve for å framkalle kunnskap, utfordre kunnskap i nye samanhengar og føre til progresjon i læringa.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • I denne modulen er det tre undervisningsopplegg å velje mellom. Vel opplegget som passar best for gruppa.
  • Kopier oppgåvearket til alle gruppene til B – Samarbeid.
  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom presentasjonen til B – Samarbeid. Denne kan du bruke som støtte til gjennomføring av samlinga.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

A – Forarbeid

20 minutt
Individuelt

Tenk gjennom og noter i stikkord.

  • Korleis du planlegg og gjennomfører repetisjon av eit tema?
  • Korleis du planlegg og gjennomfører ein øvingstime i matematikk?

Les artikkelen Repetere og øve i matematikkundervisning

  • Noter to-tre viktige moment frå artikkelen som du meiner er spesielt viktig.
  • Ta med notata dine til B – samarbeid.

B – Samarbeid

90 minutt
Grupper og plenum

Oppsummering av forarbeidet i grupper (15 minutt)

  • Sjå på notata frå A – Forarbeid, bruk gjerne nokre minutt individuelt før gruppediskusjonen.

Gå saman i grupper på tre-fire personar.

  • Fortel kvarandre korleis de brukar å planlegge og gjennomføre ein typisk repetisjonstime eller øvingstime.
  • Er det noko de vil legge meir vekt på når de planlegg ein god repetisjonstime eller øvingstime etter at de har lese artikkelen?

Utprøving av aktivitetar (35 minutt)

Jobb vidare i grupper

  • Bruk oppgåvearket og gjennomfør opplegget på same måte som de trur at elevane vil gjere det.
  • Tenk over kva for matematiske emne eller omgrep som blir repeterte, og kva for ferdigheiter elevane skal øve på. Bli samde om to omgrep som blir repetert, og to ferdigheiter det blir øvd på.

Oppsummering (20 minutt)

  • Forklar kvifor de meiner at akkurat desse omgrepa og ferdigheitene er viktig å repetere og øve.
  • Har de idear til korleis opplegget kan gjerast betre?

Planlegge eiga undervisning (30 minutt)

Planlegg, i grupper, ein undervisningstime med utgangspunkt i eit av opplegga som ligg i modulen. Vel eit opplegg som passar som repetisjon eller øving for dine elevar. 

Undervisningsøkta skal gjennomførast før D - Etterarbeid.

C – Utprøving

45 - 90 minutt
Individuelt

Gjennomfør den planlagde timen med elevane. Reflekter over:

  • Kjenner elevane att det matematiske innhaldet eller trur dei at dei har starta på et nytt emne?
  • Er du nøgd med kunnskapen og ferdigheitene som elevane viser?

Førebu deg på å dele erfaringane dine på D – Etterarbeid.

D – Etterarbeid

50 minutt
Grupper og plenum

Erfaringsdeling i grupper (30 minutt)

  • Del erfaringane frå utprøvinga.
    • Kva gjekk som venta?
    • Kva var problematisk for elevane?
    • Kva oppfatta de som problematisk?
  • Korleis kan opplegget gjerast betre eller utviklast for å gi elevane god repetisjon og øving.
  • Noter tre erfaringar som de meiner er viktig i ei økt med repetisjon eller øving.

Diskusjon og oppsummering i plenum (15 minutt)

  • Oppsummering i plenum der kvar gruppe deler dei tre tipsa sine.
  • Bli samde om tre tips som skal danne utgangspunkt for gode repetisjonstimar.
  • Bli samde om tre tips som skal danne utgangspunkt for gode øvingstimar.

Vegen vidare (5 minutt)

Dette er den siste modulen i pakken Djupnelæring.