Modul 2: Samanheng i styringsdokument

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 100 minutt

Målet med denne modulen er å bli kjent med delar av rammeplanen og læreplanen som handlar om matematikk og naturfag. De skal bli meir bevisst på likskapar i rammeplanen og læreplanen slik at barna kan oppleve ein god fagleg samanheng i overgangen frå barnehage til skole.

Denne modulen inneheld ikkje C – Utprøving.

Kva seier rammeplanen om overgangar?

Om overgangen mellom barnehage og skole i rammeplanen (s. 33):

  • Dei eldste barna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen.
  • Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen.

Kva seier Kunnskapsløftet om overgangar?

Om overgangen mellom barnehage og skole i Prinsipp for opplæringa (s. 6):

  • Godt og systematisk samarbeid mellom barnehage og barnetrinn, barnetrinn og ungdomstrinn, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring skal medverke til å lette overgangen mellom dei ulike stega i opplæringsløpet.

    Ressursar

    Førebuing for alle deltakarane

    • Les målet for modulen.
    • Gjer A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
    • Til A – Forarbeid treng de markeringstusjar eller pennar til å notere med.

    Førebuing for den som leiar modulen

    • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
    • Gi deltakarne beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
    • Skriv ut utdraga som deltakarane skal lese i A – Forarbeid.

     

    A – Forarbeid

    20 minutt
    Individuelt

    Les utdraga frå rammeplanen og læreplanen.

    Marker det du synest heng saman i dei to utdraga. Ta dette med til B – Samarbeid.

    B – Samarbeid

    45 minutt
    Grupper

    Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 minutt)

    • Sett dykk saman i grupper på tre til fire personar.
    • Del to eller fleire ting de har markert frå rammeplanen og læreplanen med kvarandre.
    • Diskuter: Korleis kan kjennskap til samanheng i styringsdokumenta vere nyttig for oss?

    Gruppearbeid (30 minutt)

    Sett dykk i grupper på tre til fire personar. Kvar gruppe gjer punkta 1–4 nedanfor.  

    1. Vel ei av formuleringane frå fagområdet Mengd, rom og form i rammeplanen (s. 53–54). Diskuter kva kompetansemål etter 2. årssteg i læreplanen for matematikk fellesfag (s. 5–6) de meiner heng saman med / bygger på formuleringa frå rammeplanen. Merk at ei formulering frå rammeplanen kan passe til fleire kompetansemål.

    2. Vel deretter eitt av kompetansemåla etter 2. årssteg i læreplanen for matematikk fellesfag (s. 5–6). Diskuter kva formuleringar i fagområdet Mengd, rom og form i rammeplanen (s. 53–54) dette kompetansemålet bygger på. Merk at fleire formuleringar frå rammeplanen kan passe til eitt kompetansemål.

    3. Vel ei av formuleringane frå fagområdet Natur, miljø og teknologi i rammeplanen (s. 52–53). Diskuter kva kompetansemål etter 2. årssteg i læreplanen for naturfag (s. 5–6) de meiner heng saman med / bygger på formuleringa frå rammeplanen. Merk at ei formulering frå rammeplanen kan passe til fleire kompetansemål.

    4. Vel deretter eitt av kompetansemåla etter 2. årssteg i læreplanen for naturfag (s. 5–6), diskuter kva formuleringar i fagområdet Natur, miljø og teknologi i rammeplanen (s. 52–53) dette kompetansemålet bygger på. Merk at fleire formuleringar frå rammeplanen kan passe til eitt kompetansemål.

    C – Utprøving

    Denne modulen inneheld ikkje C – Utprøving.

    D – Etterarbeid

    35 minutt
    Grupper og plenum

    Del erfaringar i grupper (15 minutt)

    Deltakarane set seg saman i grupper og deler erfaringane sine frå gruppearbeidet.

    For tilsette i barnehage:

    • Diskuter kva de har lært om faga matematikk og naturfag fram til 2. trinn som var nytt, overraskande og/eller interessant.
    • Kva innhald i rammeplanen bør barnehagen fokusere på, og skolen bygge vidare på, ved oppstart i 1.trinn?

    For tilsette i skole:

    • Diskuter kva de har lært om realfaga i barnehage (Mengd, rom og form og Natur, miljø og teknologi) som var nytt, overraskande og/eller interessant?
    • Kva innhald frå rammeplanen bør skolen ta vare på og bygge vidare på ved oppstart i 1. trinn?

    Summer opp i plenum (15 minutt)

    1. Kvar gruppe deler noko av det dei har diskutert.

    2. Korleis kan kjennskap til fagleg samanheng i styringsdokumenta vere nyttig for oss i vårt vidare arbeid?

    Vegen vidare (10 minutt)

    Bestem kva for ein modul de vil ta som den neste. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.