Modul 3: Progresjon i barnehagen

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 120 minutt

Målet med denne modulen er å få ei felles forståing for kva progresjon i barnehagen inneber, og å bli i stand til å vurdere korleis dette synet på progresjon kjem frem i eigne planar og i arbeidet med barna.

Rammeplanen

Arbeidsmåtane til barnehagen - Progresjon (s. 44)

Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikle seg, lære og oppleve framgang. Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehageinnhaldet, og barnehagen skal leggje til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivitetar og læring. Personalet skal utvide og byggje vidare på barnas interesser og gi barna varierte erfaringar og opplevingar. Barnehagen skal leggje til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø. Barn skal få utfordringar som er tilpassa erfaringane, interessene, kunnskapane og ferdigheitene sine.

Personalet skal:

  • oppdage, følgje opp og utvide det barna alt er opptekne av
  • planleggje og leggje til rette for progresjon i barnehageinnhaldet for alle barn
  • bidra til at barna får meistringsopplevingar, samtidig som dei har noko å strekkje seg etter
  • leggje til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking i innhaldet og arbeidsmåtane til barnehagen
  • introdusere nye perspektiv og leggje til rette for nye opplevingar og erfaringar
  • sørgje for progresjon gjennom bevisst bruk av materiale, bøker, leiker, verktøy og utstyr – og gjere desse tilgjengelege for barna

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid før de møter til B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • I B – Samarbeid og D – Etterarbeid skal du leie diskusjonane.
  • Denne modulen inneheld ikkje utprøving.

A – Forarbeid

20 minutt
Individuelt

Les utdraget om progresjon i rammeplanen (side 2 i modulheftet) og teksten Aspekt ved progresjon i barnehagen (side 3–4 i modulheftet).

Marker formuleringar om progresjon som du synest er:

  • annleis/overraskande i forhold til korleis du tidlegare har oppfatta progresjon
  • spesielt viktige å ta i vare i barnehagen

Ta med notata til B – Samarbeid.
 

B – Samarbeid

50 minutt
Grupper og plenum

Gruppearbeid knytt til forarbeid (50 minutt)

1. Alle i gruppa presenterer notata sine frå det individuelle forarbeidet. Bli einige om fem moment som de vil framheve i arbeidet med progresjon. Formuler momenta med eigne ord. Gi også konkrete eksempel.

(20 minutt)

2. Studer utdraga Tal og geometri i to progresjonsplanar i modulheftet (side 5–6). Tenk gjennom følgande:

  • Kva for ein av progresjonsplanane tar best i vare momenta de skreiv i punkt 1 ? Grunngi.
  • Kva er likskapar og forskjellar i dei to progresjonsplanane, sett i lys av intensjonane i rammeplanen? Tenk både struktur og innhald. Grunngi.
  • Kva vil de endre i eigne planar for progresjon?
  • Korleis vil desse endringane komme til uttrykk i arbeidet med barna?

(30 minutt)

Vel to moment frå diskusjonen som de vil dele i plenum.
 

C – Utprøving

Denne modulen inneheld ikkje utprøving.

D – Etterarbeid

50 minutt
Plenum

Summer opp i plenum (45 minutt)

Kvar gruppe presenterer dei to momenta sine frå diskusjonen. Utfyll kvarandre og drøft saman kva progresjon inneber.

Bli einige om kva endringar de vil gjere i eigne planer for progresjon. Korleis vil desse endringane komme til uttrykk i arbeidet med barna? Ver konkret.

Styrar eller pedagogisk leiar i barnehagen skal fullføre endringane av planen til neste møte. I neste møte presenterer leiar forslaget til ny progresjonsplan.

Vegen vidare (5 minutt)

Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.