Modul 3: Gjer tenkinga til elevane synleg
Oversikt
Målet med denne modulen er å bli bevisst på aktivitetar som gjer tenkinga til elevane synleg for læraren. Slike aktivitetar kan bidra til ei meir presis vurdering av forståinga til elevane, både undervegs og til slutt i eit undervisningsforløp. De skal bli kjent med, og prøve ut, læringsstrategiar som koplast på aktiviteter for å gjere tenkinga til elevane synleg.
Ressursar
- Modulhefte (pdf)
- Artikkel: Planlegging av undervisning med fokus på undervegsvurdering (pdf)
- Presentasjon til modulen (PowerPoint)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen.
- Gjer A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom presentasjonen til modulen som de skal bruke som støtte til gjennomføringa.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
- Skriv ut modulheftet til deltakarane dersom de ikkje jobbar digitalt.
A – Forarbeid
Les artikkelen Planlegging av undervisning med fokus på undervegsvurdering (pdf).
Tenk på den siste naturfagstimen du underviste.
- Kva var læringsmålet for timen?
- Gjennom kva aktivitetar fekk elevane synleggjort kva dei forsto?
Ta notat (vær så konkret som mulig), og ta desse med til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
Summer opp forarbeidet (15 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Bruk notata frå forarbeidet og diskuter i grupper.
Fagleg påfyll (15 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Læringsstrategiane (35 min)
Gå i fellesskap gjennom presentasjonen der læringsstrategiane og prinsippa bak blir presentert. Arbeid med strategiane.
Planlegg eiga undervisning (20 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Deltakarane skal planlegge ein aktivitet der dei brukar ein valt læringsstrategi. Gjennomfør aktiviteten før D – Etterarbeid. De kan velje om de jobbar individuelt eller fleire saman.
C – Utprøving
Gjennomfør den planlagde aktiviteten der du brukar læringsstrategien.
D – Etterarbeid
Del erfaringar i grupper (20 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Sett dykk i grupper, og del erfaringar frå utprøving. Kvar gruppe skal notere tre tips.
Summer opp i plenum (10 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Summer opp i plenum der kvar gruppe deler dei tre tipsa sine.
Tenk-par-del (15 min)
Korleis ser du for deg å bruke læringsstrategiane eller andre didaktiske verktøy for å gjere tenkinga til elevene synleg i din framtidige undervisningspraksis?
Vegen vidare (10 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Neste modul handlar om kva slags tilbakemeldingar læraren kan gi for å få fram meir informasjon om tenkinga til elevane og korleis denne kan bli brukt som utgangspunkt for vidare undervisning og læring.
Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.