Modul 3: Tursekken til barnehagen
Oversikt
Målet med denne modulen er å bli kjent med kva som er lurt å ha i tursekken, og lære om korleis personalet og barna kan bruke utstyr på tur på ein god og hensiktsmessig måte.
Rammeplanen
Natur, miljø og teknologi
Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar.
Barnehagen skal bidra til at barna
- får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
- får gode friluftslivopplevingar året rundt
Personalet skal
- leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
- gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
- synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen
Mengd, rom og form
Fagområdet handlar om å oppdage, utforske og skape strukturar og hjelper barna til å forstå samanhengar i naturen, samfunnet og universet. Barnehagen skal synleggjere samanhengar og leggje til rette for at barna kan utforske og oppdage matematikk i dagleglivet, i teknologi, natur, kunst og kultur, og ved å sjølve vere kreative og skapande.
Barnehagen skal bidra til at barna
- oppdagar og undrar seg over matematiske samanhengar
Personalet skal
- bruke (…) naturmateriale, leiker og utstyr for å inspirere barna til å tenkje matematisk
Ressursar
- Fagtekst: Korleis barn brukar utstyr på tur (forskerfrø.no)
- Fagtekst: Tursekken til barnehagen – kva inneheld den? (forskerfrø.no)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen nøye, og sjå raskt gjennom modulen (A–D).
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom modulen og tekstane.
- Førebu deg på at de skal samle utstyr å ha med på tur. Ta ein titt på lista som ligg i artikkelen om tursekken til barnehagen, og sjå om de har noko av dette liggande i barnehagen.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
A – Forarbeid
Les tekstane Barns bruk av utstyr på tur og Barnehagens tursekk – hva inneholder den? (forskerfrø.no). Reflekter over følgande spørsmål:
- Kva har de med i sekken når de er på tur med barna?
- Er det noko av utstyret som er nemnt i tekstane som overraska dykk?
- Kva for eit utbytte har barna av å bruke utstyret som er nemnt i tekstane?
Noter nokre punkt og ta dei med til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
Diskusjon i grupper (15 minutt)
I grupper skal de diskutere punkta de skreiv ned i A – Forarbeid. Begrunn for kvarandre vala de har tatt.
Planlegg utprøving (20 minutt)
Lag ein tursekk tilsvarande anbefalingane i Barnehagens tursekk – hva inneholder den? (forskerfrø.no). Fordel ansvar for eventuelle innkjøp og innhenting av utstyr, slik at sekken er ferdig til de skal på tur. I C – Utprøving skal de sjå korleis barna brukar utstyret.
C – Utprøving
I utprøvinga skal de teste utstyret på den neste turen de har saman med barna. Gå gjerne til skogen / den faste turstaden, og ta dykk god tid på vegen til og frå staden. Når det oppstår realfaglege situasjonar ute, ta fram eigna utstyr for å sjå korleis barna brukar dette. Erfaringane de gjer saman med barna, skal de dele og diskutere i D – Etterarbeid.
Tenk over følgande:
- På kva måte blei utstyret introdusert for barna?
- Blir aktiviteten rikare eller utvida, eller var det forstyrrande at utstyr blei introdusert?
D – Etterarbeid
Del erfaringar i plenum (25 minutt)
Diskuter følgande:
- Korleis blei utstyret introdusert for barna?
- Korleis blei utstyret brukt av barna?
- På kva måte blei aktiviteten rikare eller utvida?
- Kva synest de om at barn lærer å bruke kniv?
Vegen vidare (5 minutt)
Bli einige om vegen vidare, og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.