Modul 4: Omgrepslæring
Oversikt
Målet med denne modulen er å bli bevisst på kvifor det er nødvendig å fokusere eksplisitt på sentrale omgrep for å utvikle djupneforståing hos eleven. Modulen viser eksempel på korleis legge til rette for progresjon i omgrepsutviklinga til elevane.
Ressursar
- Artikkel: Begrepslæring i naturfag (pdf)
- Metoder for å utvikle det naturfaglige språket (naturfag.no)
- Presentasjon til modulen (PowerPoint)
Førebuing for alle deltakarene
- Les målet for modulen nøye.
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom PowerPoint-presentasjonen som de skal bruke under gjennomføringa av modulen.
- Skriv ut artikkelen Begrepslæring i naturfag til deltakarane, dersom dei ikkje jobbar digitalt.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
A – Forarbeid
Reflekter over korleis du jobbar med omgrepslæring i di eiga naturfagundervisning:
- Korleis vel du ut kva for omgrep du skal vektlegge?
- Korleis underviser du for at elevane skal lære desse omgrepa?
- Kva er fordelar med å undervise omgrep på denne måten?
Ta med svara dine til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
Gruppearbeid knytt til forarbeid (20 minutt)
Diskuter oppgåvene frå forarbeidet to og to. Del med kvarandre i plenum etterpå.
Fagleg påfyll (50 minutt)
Gjennomfør dei to leseoppdraga for artikkelen Begrepslæring i naturfag (pdf). Diskuter setningar som beskriv omgrepslæring og bruk av bindeord. Gjennomgå teori om omgrepslæring og bruk av bindeord.
Planlegg eiga undervisning (20 minutt)
Sett dykk inn i metoden Ordkoplingar på sida Metoder for å utvikle det naturfaglige språket (naturfag.no), og planlegg bruk av metoden i tilknyting til eit tema du jobbar med. De kan velje om de jobbar individuelt eller fleire saman.
C – Utprøving
Gjennomfør den planlagde aktiviteten med strategien ordkoplingar med eigne elevar. Under og etter gjennomføringa skal du reflektere over:
- Korleis brukar elevane dei sentrale omgrepa du har valt ut? Gå rundt og lytt til gruppene. Legg merke til om elevane brukar omgrepa i samanheng og på ein måte som gir meining.
- Fekk elevane moglegheiter til å øve på omgrepa i ulike samanhengar? Noter nokre eksempel og ta med til D – Etterarbeid.
D – Etterarbeid
Del erfaringar i grupper (30 minutt)
Del erfaringar frå utprøvinga. Kvar gruppe skal notere tre tips. Diskuter korleis metoden ordkopling kan brukast for å tilpasse omgrepslæring til dei ulike behova til elevane.
Oppsummer i plenum (10 minutt)
Kvar gruppe deler erfaringane sine og tre tips. Oppsummer om bruk av metodane ordkopling og leseoppdrag og knyt det til artikkel om djupnelæring frå modul 1.