Modul 1: Berekraft i barnehagen

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 105 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å bli godt kjent med kva som står om berekraftig utvikling i rammeplanen og vurdere praksisen til barnehagen i lys av dette. De skal også gjere ei vurdering av kva som er forbetringspotensialet til barnehagen i samband med dette temaet.

Rammeplanmål

Modulen knyter seg opp til kapittelet om berekraftig utvikling i rammeplanen.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid
  • Skriv ut arket med berekraftstrappa til alle gruppene på B – Samarbeid.

A – Forarbeid

10 minutter
Individuelt

Sjå FN-filmen om berekraftig utvikling. Når du ser filmen, legg merke til dei tre dimensjonane som berekraftig utvikling består av. Noter eksempel på kvar av dimensjonane.

Ta notata med til B – Samarbeid.

 

B – Samarbeid

45 minutt
Grupper

1. Gruppearbeid knytt til forarbeid (10 minutt)

Bruk notata frå forarbeidet til å diskutere kva berekraftig utvikling er. Ta utgangspunkt i dei tre dimensjonane som blir nemnde i filmen.

2. Diskuter rammeplanen (20 minutt)

  • Les utdraget frå rammeplanen om berekraftig utvikling og tenk over følgande utsegn: «Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for mer bærekraftige samfunn». Kva for nokre a) verdiar, b) haldningar og c) praksisar meiner du det dreiar seg om? Noter stikkord til kvart punkt. 
  • Bruk stikkorda de har notert. Diskuter dykk gjennom kvart av punkta a) til c).

3. Planlegg utforsking (15 minutt)

Ta fram og sjå på dei ulike trinna i berekraftstrappa (pdf).

Oppgåver til neste samling er:

  • Kvar av dykk skal samle observasjonar om aktivitetar, rutinar og barna sine spørsmål/interesser som de meiner kan bli knytte opp til berekraftstrappa.
  • Finn du eksempel på aktivitetar eller rutinar som ikkje er i samsvar med berekraftig utvikling?
  • Har barnehagen nokre forbetringsområde?

Diskuter korleis de forstår oppgåvene. Diskuter i grupper korleis de kan gjere desse observasjonane.

Ta notat eller skriv ned praksisforteljingar og ta med til D – Etterarbeid.

C – Utprøving

Den tida det tar
Individuelt/gruppe

Gjennomfør utforskinga de planla.

D – Etterarbeid

50 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 minutt)

Be deltakarane sette seg saman i grupper og dele erfaringane sine frå utforskinga.

Summer opp i plenum (20 minutt)

Summer opp i plenum der kvar gruppe deler tre eksempel på aktivitetar o.l. som kan bli knytte til berekraftig utvikling.

Vidare skal kvar gruppe formidle det dei meiner er eit område med forbetringspotensiale. Kva treng barnehagen av kunnskap og ressursar for dette?

Vegen vidare (10 minutt)

Diskuter kvar barnehagen treng å forbetre seg og kva som trengst for å komme vidare i arbeidet med berekraftig utvikling. Dersom dette dreiar seg om berekraftig forbruk, gå vidare til Modul 2: Berekraftig forbruk i barnehagen, ellers går de til Modul 3: Prosjektarbeid om berekraft.