Modul 3: Prosjektarbeid om berekraftig utvikling

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 90 minutt + utforsking

Målet med denne modulen er å etablere eit prosjektarbeid knytt til berekraftig utvikling som tema for ei barnehagegruppe.

Modulen bygger på Modul 1: Berekraft i barnehagen.

Rammeplanmål

Bærekraftig utvikling handler om at mennesker som lever i dag, får dekket sine grunnleggende behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners mulighet til å dekke sine. Det handler om å tenke og handle lokalt, nasjonalt og globalt. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlinger har konsekvenser for fremtiden.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
  • Skriv ut kopi av artikkelen til deltakarane.

A – Forarbeid

10 minutt
Individuelt

Les artikkelen Prosjektarbeid om berekraftig utvikling (pdf). Reflekter over prosjektarbeid de har hatt tidlegare:

  • På kva måte var desse prosjektarbeida eigna til å fremme forståing for berekraftig utvikling?
  • Korleis kunne desse prosjekta vore justerte for betre å fremme forståing for berekraftig utvikling?

Ta notat, og ta desse med til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

40 minutt
Grupper

1. Gruppearbeid knytt til forarbeid (10 minutt)

Sett dykk i grupper og del notat frå forarbeidet med kvarandre. Diskuter på kva for nokre måtar desse prosjektarbeida er eigna til å fremme forståing for berekraftig utvikling og korleis desse prosjekta kunne vore justerte for betre å fremme forståing for berekraftig utvikling?

2. Diskuter avdelingsvis moglegheiter for berekraftig prosjektarbeid i barnehagen (30 minutt)

Kva barnegruppe vil vere aktuell? Korleis går de fram for å finne ut av kva desse barna er opptatte av? Kan inspirasjonskjeldene gi nokre idear? Vil de involvere foreldra i dette prosjektet?

Artikkelen nemner nokre punkt som kjenneteiknar berekraftig prosjektarbeid. Diskuter korleis de vil dokumentere prosessen. Korleis vil de involvere nokre av punkta:

  • fremmar demokratiske prosessar
  • evne til kritisk tenking
  • erfaring med natur- og kulturverdiar
  • kjennskap og omsorg for andre menneske og/eller natur

 

C – Utprøving

Den tida det tar

De skal gjennomføre prosjektet og dokumentere undervegs.

D – Etterarbeid

40 minutter
Plenum

Presenter og diskuter prosjektarbeida (30 minutt)

Kvar avdeling presenterer prosjektarbeidet for kvarandre.

Diskuter i kva grad prosjekta følgde opp eit eller fleire av desse punkta:

  • fremmar demokratiske prosessar
  • evne til kritisk tenking
  • erfaring med natur- og kulturverdiar
  • kjennskap og omsorg for andre menneske og/eller natur

Vegen vidare (10 minutt)

Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Kan det vere Modul 2: Berekraftig forbruk i barnehagen?

Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.