Modul 2: Berekraftig forbruk i barnehagen

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 100 minutt + utprøving

Målet med denne modulen å bidra til at forbruket i eigen barnehage blir meir berekraftig og å fremme haldningar og kunnskapar om berekraftig forbruk hos barna.

Modulen bygger på Modul 1: Berekraft i barnehagen.

Rammeplanmål

Bærekraftig utvikling handler om at mennesker som lever i dag, får dekket sine grunnleggende behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners mulighet til å dekke sine. Det handler om å tenke og handle lokalt, nasjonalt og globalt. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlinger har konsekvenser for fremtiden

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
  • Skriv ut artikkelen Berekraftig forbruk i barnehagen

A – Forarbeid

10 minutt
Individuelt

Les artikkelen Berekraftig forbruk i barnehagen (pdf). Tenk over om det er nokre rutinar som de kan endre i barnehagen dykkar.

Ta notat, og ta desse med til B – Samarbeid. Fekk du nokre idear til kva de kan gjere på avdelinga dykkar?

B – Samarbeid

40 minutt
Grupper og plenum

1. Diskusjon knytt til forarbeidet (20 minutt)

Del med dei andre i gruppa refleksjonane du gjorde deg under forarbeidet knytt til artikkelen. Sett opp ei liste over rutinar de kan forbetre.

2. Planlegg utforsking (20 minutt)

Denne utprøvinga skal foregå på avdelinga. Dei tilsette skal saman bli einige om kva dei vil prøve ut saman med barna. Sjå forslag til aktivitetar i artikkelen og vel blant desse. Diskuter korleis denne aktiviteten kan bidra til å fremme haldningar og kunnskapar om berekraftig forbruk hos barna.

Under gjennomføringa skal de reflektere over:

  1. Korleis støttar de barna undervegs i aktiviteten.
  2. Korleis samtalar de med barna om berekraftig forbruk.

C – Utprøving

Den tida det tar

Gjennomfør utforskinga de planla.

D – Etterarbeid

50 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i kvar avdeling (20 minutt)

Del erfaringar frå utprøvinga og diskuter:

  1. Korleis støttar de barna undervegs i aktiviteten.
  2. Korleis samtalar de med barna om berekraftig forbruk.
  3. Korleis kan erfaringane bli videreførte?

Vegen vidare (10 minutt)

Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Kan det vere Modul 3: Prosjektarbeid om berekraft?

Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.