Modul 1: Kjenneteikn på djupnelæring

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 135 minutt + utprøving med elevar

Vi anbefaler at de har gjennomført modul 1M og 2M, Prinsipper og Praksiser i ambisiøs matematikkundervisning i pakke 1, Kjennetegn på ambisiøs og utforskende undervisning i tema Ambisiøs og utforskende undervisning før de startar på denne pakken.

Utforsking og problemløysing, Representasjon og kommunikasjon

Målet med denne modulen er å klargjere kva djupnelæring er, og diskutere og reflektere over kjenneteikn på djupnelæring.

Ressursar

Førebuingar for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuingar for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom presentasjonen til modulen. Den kan du bruke som støtte til gjennomføring av samlinga.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
  • Sørg for at det er nok teljebrikker til B – Samarbeid.

A – Forarbeid

25 minutt
Individuelt

Les artikkelen Dybdelæring i matematikk.

Noter tre punkt som karakteriserer djupnelæring for deg.

Ta artikkelen og notata dine med til B - Samarbeid.

B – Samarbeid

85 minutt
Grupper og plenum

Oppsummering av forarbeidet i grupper (15 minutt)

Sjå på notata frå A - Forarbeid, bruk gjerne nokre minutt individuelt før gruppediskusjonen.

Diskuter i grupper på tre-fire personar:

  • Er de samde om kva som karakteriserer djupnelæring?
  • Kva for ein av dei fem komponentane meiner de er vanskelegast å oppnå?

Utprøving av aktivitetar (40 minutt)

Bruk I-G-P (Individuelt – Gruppe – Plenum) og gjennomfør opplegget «Ramme» slik som det er beskrive i PowerPoint-presentasjonen.

Oppsummering (15 minutt)

Diskuter først i par (5 minutt) og så i plenum.
Kva for nokre av desse komponentane frå artikkelen om djupnelæring kan du knytte til undervisningsopplegget: begrepsmessig forståelse, prosedyrekunnskap, anvendelse, resonnering, metakognisjon og selvregulering”.

Planlegge eiga undervisning (15 minutt)

Planlegg i grupper på tre-fire personar ei undervisningsøkt med undervisningsopplegget  Figurtall , følger og rekker - Ramme. 

• Vel ein av komponentane som de vil legge spesiell vekt på i denne undervisningsøkta. Kva grep gjer de?

C – Utprøving

60 - 90 minutt
Individuelt

Gjennomfør den planlagde timen med elevane. Under gjennomføringa skal du reflektere over:

  • Stimulerer undervisningsopplegget til djupnelæring?
  • Dersom svaret er ja, vis med eksempel.
  • Dersom svaret er nei, kva forslag har du til forbetringar?
  • Korleis fungerte grepa du gjorde for å få fram den valde komponenten?


Førebu deg på å dele erfaringane dine på D - Etterarbeid.

D – Etterarbeid

35 minutt
Grupper og plenum

Del i grupper (20 minutt)

Del erfaringar i grupper på tre-fire personar.

  • I kor stor grad meiner de at undervisningsopplegget førte til djupnelæring?
  • Kva for ein komponent i djupnelæring la de mest vekt på og kvifor?
  • Kva for ein av komponentane i djupnelæring meiner de er vanskeligast å jobbe med?
  • Kva for erfaringar frå arbeid med djupnelæring vil du ta med deg i vidare arbeid?

Oppsummering i plenum (10 minutt)

Oppsummering i plenum der kvar gruppe presenterer sine tankar.

Vegen vidare (5 minutt)

Gå gjennom A - Forarbeid for neste modul "Å utvikle matematiske omgrep"