Modul 1: Berekraft i barnehagen
Oversikt
Målet med denne modulen er å bli godt kjent med kva som står om berekraftig utvikling i rammeplanen og vurdere praksisen til barnehagen i lys av dette. De skal også gjere ei vurdering av kva som er forbetringspotensialet til barnehagen i samband med dette temaet.
Rammeplanmål
Modulen knyter seg opp til kapittelet om berekraftig utvikling i rammeplanen.
Ressursar
- Utdrag frå rammeplanen (pdf)
- Berekraftstrappa (pdf)
- Film: FN-sambandet Norge (youtube.com)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen.
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid
- Skriv ut arket med berekraftstrappa til alle gruppene på B – Samarbeid.
A – Forarbeid
Sjå FN-filmen om berekraftig utvikling. Når du ser filmen, legg merke til dei tre dimensjonane som berekraftig utvikling består av. Noter eksempel på kvar av dimensjonane.
Ta notata med til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
1. Gruppearbeid knytt til forarbeid (10 minutt)
Bruk notata frå forarbeidet til å diskutere kva berekraftig utvikling er. Ta utgangspunkt i dei tre dimensjonane som blir nemnde i filmen.
2. Diskuter rammeplanen (20 minutt)
- Individuelt: Les utdraget frå rammeplanen om berekraftig utvikling og tenk over følgande utsegn: «Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for mer bærekraftige samfunn». Kva for nokre a) verdiar, b) haldningar og c) praksisar meiner du det dreiar seg om? Noter stikkord til kvart punkt.
- I gruppa: Bruk stikkorda de har notert. Diskuter dykk gjennom kvart av punkta a) til c).
3. Planlegg utforsking (15 minutt)
Ta fram og sjå på dei ulike trinna i berekraftstrappa (pdf).
Oppgåver til neste samling er:
- Kvar av dykk skal samle observasjonar om aktivitetar, rutinar og barna sine spørsmål/interesser som de meiner kan bli knytte opp til berekraftstrappa.
- Finn du eksempel på aktivitetar eller rutinar som ikkje er i samsvar med berekraftig utvikling?
- Har barnehagen nokre forbetringsområde?
Diskuter korleis de forstår oppgåvene. Diskuter i grupper korleis de kan gjere desse observasjonane.
Ta notat eller skriv ned praksisforteljingar og ta med til D – Etterarbeid.
C – Utprøving
Gjennomfør utforskinga de planla.
D – Etterarbeid
Del erfaringar i grupper (20 minutt)
Del erfaringane frå utforskinga.
Summer opp i plenum (20 minutt)
Summer opp i plenum der kvar gruppe deler tre eksempel på aktivitetar o.l. som kan bli knytte til berekraftig utvikling.
Vidare skal kvar gruppe formidle det dei meiner er eit område med forbetringspotensiale. Kva treng barnehagen av kunnskap og ressursar for dette?
Vegen vidare (10 minutt)
Diskuter kvar barnehagen treng å forbetre seg og kva som trengst for å komme vidare i arbeidet med berekraftig utvikling. Dersom dette dreiar seg om berekraftig forbruk, gå vidare til Modul 2: Berekraftig forbruk i barnehagen, ellers går de til Modul 3: Prosjektarbeid om berekraft.