Modul 3: Prosjektarbeid om berekraftig utvikling
Oversikt
Målet med denne modulen er å etablere eit prosjektarbeid knytt til berekraftig utvikling som tema for ei barnehagegruppe.
Modulen bygger på Modul 1: Berekraft i barnehagen.
Rammeplanmål
Bærekraftig utvikling handler om at mennesker som lever i dag, får dekket sine grunnleggende behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners mulighet til å dekke sine. Det handler om å tenke og handle lokalt, nasjonalt og globalt. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlinger har konsekvenser for fremtiden.
Ressursar
- Artikkel: Prosjektarbeid i barnehagen (pdf)
- Kjelder til inspirasjon (pdf)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen.
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
- Skriv ut kopi av artikkelen til deltakarane.
A – Forarbeid
Les artikkelen Prosjektarbeid om berekraftig utvikling (pdf). Reflekter over prosjektarbeid de har hatt tidlegare:
- På kva måte var desse prosjektarbeida eigna til å fremme forståing for berekraftig utvikling?
- Korleis kunne desse prosjekta vore justerte for betre å fremme forståing for berekraftig utvikling?
Ta notat, og ta desse med til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
1. Gruppearbeid knytt til forarbeid (10 minutt)
Sett dykk i grupper og del notat frå forarbeidet med kvarandre. Diskuter på kva for nokre måtar desse prosjektarbeida er eigna til å fremme forståing for berekraftig utvikling og korleis desse prosjekta kunne vore justerte for betre å fremme forståing for berekraftig utvikling?
2. Diskuter avdelingsvis moglegheiter for berekraftig prosjektarbeid i barnehagen (30 minutt)
Kva barnegruppe vil vere aktuell? Korleis går de fram for å finne ut av kva desse barna er opptatte av? Kan inspirasjonskjeldene gi nokre idear? Vil de involvere foreldra i dette prosjektet?
Artikkelen nemner nokre punkt som kjenneteiknar berekraftig prosjektarbeid. Diskuter korleis de vil dokumentere prosessen. Korleis vil de involvere nokre av punkta:
- fremmar demokratiske prosessar
- evne til kritisk tenking
- erfaring med natur- og kulturverdiar
- kjennskap og omsorg for andre menneske og/eller natur
C – Utprøving
De skal gjennomføre prosjektet og dokumentere undervegs.
D – Etterarbeid
Presenter og diskuter prosjektarbeida (30 minutt)
Kvar avdeling presenterer prosjektarbeidet for kvarandre.
Diskuter i kva grad prosjekta følgde opp eit eller fleire av desse punkta:
- fremmar demokratiske prosessar
- evne til kritisk tenking
- erfaring med natur- og kulturverdiar
- kjennskap og omsorg for andre menneske og/eller natur
Vegen vidare (10 minutt)
Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Kan det vere Modul 2: Berekraftig forbruk i barnehagen?
Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.