Modul 3: Gjer tenkinga til elevane synleg

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 160 minutt + utprøving med elevar

Målet med denne modulen er å bli bevisst på aktivitetar som gjer tenkinga til elevane synleg for læraren. Slike aktivitetar kan bidra til ei meir presis vurdering av forståinga til elevane, både undervegs og til slutt i eit undervisningsforløp. De skal bli kjent med, og prøve ut, læringsstrategiar som koplast på aktiviteter for å gjere tenkinga til elevane synleg.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom presentasjonen til modulen som de skal bruke som støtte til gjennomføringa.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
  • Skriv ut modulheftet til deltakarane dersom de ikkje jobbar digitalt.

A – Forarbeid

20 minutt
Individuelt

Les artikkelen Planlegging av undervisning med fokus på undervegsvurdering (pdf).

Tenk på den siste naturfagstimen du underviste.

  • Kva var læringsmålet for timen?
  • Gjennom kva aktivitetar fekk elevane synleggjort kva dei forsto?

Ta notat (vær så konkret som mulig), og ta desse med til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

85 minutt
Grupper og plenum

Summer opp forarbeidet (15 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Bruk notata frå forarbeidet og diskuter i grupper.

Fagleg påfyll (15 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Læringsstrategiane (35 min)

Gå i fellesskap gjennom presentasjonen der læringsstrategiane og prinsippa bak blir presentert. Arbeid med strategiane.

Planlegg eiga undervisning (20 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Deltakarane skal planlegge ein aktivitet der dei brukar ein valt læringsstrategi. Gjennomfør aktiviteten før D – Etterarbeid. De kan velje om de jobbar individuelt eller fleire saman.

C – Utprøving

Del av undervisningsøkt
Individuelt eller fleire saman

Gjennomfør den planlagde aktiviteten der du brukar læringsstrategien.

D – Etterarbeid

55 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Sett dykk i grupper, og del erfaringar frå utprøving. Kvar gruppe skal notere tre tips.

Summer opp i plenum (10 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Summer opp i plenum der kvar gruppe deler dei tre tipsa sine.

Tenk-par-del (15 min)

Korleis ser du for deg å bruke læringsstrategiane eller andre didaktiske verktøy for å gjere tenkinga til elevene synleg i din framtidige undervisningspraksis?

Vegen vidare (10 min)

Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.

Neste modul handlar om kva slags tilbakemeldingar læraren kan gi for å få fram meir informasjon om tenkinga til elevane og korleis denne kan bli brukt som utgangspunkt for vidare undervisning og læring.

Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.