Modul 4: Følg opp elevresponsar – korleis gi gode tilbakemeldingar?
Oversikt
Målet med denne modulen er å få auka kompetanse i undervegsvurdering gjennom å tolke elevresponsar og følge opp desse gjennom gode munnlege tilbakemeldingar.
Ressursar
- Modulhefte frå modul 1 (pdf)
- Presentasjon til modulen (PowerPoint)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen.
- Gjer A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom presentasjonen til modulen. Den brukar de som støtte til gjennomføringa.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
- Dersom de ikkje jobbar digitalt, gi deltakarane beskjed om å ta med modulheftet frå modul 1.
A – Forarbeid
Reflekter over følgande spørsmål:
- Kva tenker du at tilbakemelding er? Tenk over eksempel frå eigen praksis.
- Kvifor gir du tilbakemeldingar?
- Kva gir du oftast tilbakemelding på?
Ta notat, og ta dei med til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 min)
Bruk notata frå forarbeidet, og diskuter i grupper.
Bruk dei siste fem minutta til ei felles oppsummering frå gruppene.
Teori og fagleg påfyll (40 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Planlegg eiga undervisning (20 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Planlegg eiga undervisning der du brukar ei grubleteikning.
- Kva responsar kan du forvente frå elevane dine?
- Skriv ned eksempel på oppfølgingsspørsmål som kan leie elevane i ønskt retning ut frå læringsmålet du har sett.
C – Utprøving
Gjennomfør den planlagde aktiviteten der du brukar ei grubleteikning. Under gjennomføringa skal du reflektere over:
- I kva grad bidrar tilbakemeldingane dine i form av planlagde oppfølgingsspørsmål til utdjupande informasjon om elevane si forståing?
- I kva grad klargjer tilbakemeldingane dine for elevane kva dei har forstått og kva dei ikkje har forstått?
Til D – Etterarbeid skal du førebu deg på å dele tankar og erfaringar frå utprøvinga.
D – Etterarbeid
Del erfaringar i grupper (20 min)
Del erfaringar frå utprøving i grupper. Kvar gruppe skal notere eit par konkrete tips knytt til kvart av punkta de reflekterte over under gjennomføringa.
Summer opp i plenum (10 min)
Ta ei oppsummering i plenum der kvar gruppe deler tipsa sine.
Tenk-par-del (12 min)
I kva situasjonar i den framtidige undervisningspraksisen din vil du ha auka fokus på tilbakemeldingar som verktøy for å få fram meir informasjon om forståinga til elevane?
Vegen vidare (8 min)
Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.