Modul 5: Vurdering av prosess og produkt
Oversikt
Målet med denne modulen er å gi deltakarane verktøy som letter vurderinga av elevane når dei jobbar sjølvstendig i grupper over tid. Modulen viser korleis undervegsvurdering kan bli brukt som støtte i den summative vurderinga av elevane.
Ressursar
- Modulhefte frå modul 1 (pdf)
- Presentasjon til modulen (PowerPoint)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen.
- Gjer A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom presentasjonen til modulen som de skal bruke som støtte til gjennomføringa.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar på B – Samarbeid.
- Gi deltakarane beskjed om å ta med modulheftet frå modul 1 dersom de ikkje jobbar digitalt.
A – Forarbeid
Sjå for deg eit undervisningsforløp der elevane jobbar i grupper med praktiske aktivitetar, i stor grad styrer prosessen sjølve, jobbar med eit prosjekt over tid, leverer eit felles produkt eller liknande.
- Korleis vurderer du elevane undervegs?
- Korleis skaffar du deg grunnlag for å vurdere måloppnåinga til elevane når perioden er slutt?
- Kva synest du er utfordrande med vurdering av denne type undervisning?
Ta notat, og ta desse med til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Bruk notata frå forarbeidet og diskuter i grupper.
Aktivitet (15 min)
Følg instruksen i presentasjonen og gjennomfør aktiviteten.
Teori og fagleg påfyll (40 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap. Deltakarane blir presenterte for ulike måtar undervegsvurdering kan bli brukt som støtte i den summative vurderinga.
Planlegg eiga undervisning (20 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Deltakarane skal planlegge ei undervegsvurdering som kan bli brukt som støtte i den summative vurderinga av elevane.
Undervisninga skal dei gjennomføre før neste samling. Dei kan velje om dei jobbar individuelt eller fleire saman.
C – Utprøving
Gjennomfør den planlagte aktiviteten og be deretter elevane levere svara sine på loggen «Kva gjorde eg, kva lærte eg».
Til D – Etterarbeid skal du registrere bevis på måloppnåing som du observerer i loggane og reflektere over korleis informasjonen kan bli brukt som støtte i den summative vurderinga av elevane.
D – Etterarbeid
Del erfaringar i grupper (20 min)
Gå gjennom presentasjonen i fellesskap.
Be deltakarane sette seg i grupper og dele erfaringar frå utprøvinga. Kvar gruppe veljer ut eit eksempel som dei vil dele i plenum.
Summer opp i plenum (10 min)
Ta ei oppsummering der kvargruppe deler eitt eksempel i plenum.
Tenk-par-del (12 min)
Kva verktøy vil du bruke i din framtidige undervisningspraksis for å lette vurderinga av forståinga til elevane undervegs og til slutt? Kvifor vil du bruke akkurat desse verktøya?
Vegen vidare (10 min)
Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.