Modul 3: Å legge til rette for djupnelæring

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 150 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å reflektere over kjenneteikn på djupnelæring hos elevane og grunngi korleis eiga undervisning legg til rette for djupnelæring.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom PowerPoint-presentasjonen som de skal bruke under gjennomføringa av modulen.
  • Skriv ut skjemaa Overflatelæring/djupnelæring (pdf) og Tankeprosessar (pdf) til alle deltakarane.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing til B – Samarbeid:

  • Skriv ut arka Levande/ikkje levande (pdf) til kvar gruppe på ca. 4 personar. Klipp ut (laminer gjerne) bilda, og legg kvart sett med bilde i kvar sin konvolutt. Kvar gruppe skal ha ein konvolutt med bildekort. I samarbeidsøkta skal gruppene sortere bilda i kategoriane levande og ikkje levande
  • Gi deltakarane beskjed om å ta med seg skjemaa Overflatelæring/djupnelæring og Tankeprosessar og notata frå A – Forarbeid.

A – Forarbeid

10 minutt
Individuelt

Skjemaet Tankeprosessar (pdf) listar opp beskrivingar av kva elevar gjer når dei utviklar forståinga si. Skjemaet Overflatelæring/djupnelæring (pdf), som blei gjennomgått i modul 2, skil mellom kjenneteikn på djupnelæring og kjenneteikn på overflatelæring. Samanlikn dei to skjemaa og reflekter over:

  • Kva har dei til felles, og kva er forskjellen?
  • Korleis kan du bruke desse i eiga undervisning?

Ta med svara/notata dine til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

95 minutter
Grupper og plenum

Summer opp forarbeid (10 minutt)

Bruk notata frå A – Forarbeid og diskuter i grupper på tre–fire personar:

Samanlikn dei to skjemaa.

  • Kva handlar dei om?
  • Kva har dei til felles, og kva er forskjellen?
  • Korleis kan de bruke desse i eiga undervisning?

Kvar gruppe presenterer kort kva dei har snakka om.

Fagleg påfyll (5 minutt)

Felles gjennomgang.

Bruk tenk-par. Tenk kvar for dykk (1 minutt), diskuter i par (1 minutt):

  • Kvifor er det viktig at du som lærar kjenner igjen djupnelæringsprosessar hos elevane?
  • Korleis kan du observere dei?

Felles gjennomgang.

Gruppearbeid (40 minutt)

Følg lenka på lysarket og sorter bilda på nettsida i levande og ikkje-levande i fellesskap:
viten.no/filarkiv/levende/oppgave.html

Del ut Elevark 1 og konvolutt med bilde til kvar gruppe på tre-fire personar. Gruppene sorterer bilda i levande og ikkje levande.

Summer opp.

Bruk tenk-par-del om sorteringsaktiviteten med utgangspunkt i skjemaet Tankeprosessar (pdf):

  • Tenk på da de sorterte bilda i levande og ikkje-levande. Vurder om, og eventuelt korleis, aktiviteten la til rette for djupnelæring. Bruk tankeprosessane til å grunngi.

Fagleg påfyll (20 minutt)

Felles gjennomgang.

Bruk tenk-par-del om metaperspektiv på læring og kunnskap:

  • Kvifor er det viktig for eleven?

Summer opp.

Bruk tenk-par-del om metaperspektiv med utgangspunkt i tankeprosessane:

  • Korleis kan du som lærar gi elevar metaperspektiv på kunnskap og læring ved hjelp av tankeprosessane?

Summer opp.

Bruk tenk-par-del om metaperspektiv med utgangspunkt i sorteringsaktiviteten:

  • Korleis kan sorteringaktiviteten legge til rette for metaperspektiv på kunnskap og læring?

Summer opp.

Førebu observasjon i klasserommet (15 minutt)

Vel ei undervisningsøkt du skal gjennomføre.

Før økta: Vel sorteringsaktiviteten eller tilsvarande aktivitet som du tilpassar temaet for økta. Noter dei tankeprosessane du trur elevane vil bli engasjert i gjennom aktiviteten.

Etter økta: Kva tankeprosessar observerte du? Kva skjedde da? Beskriv kva elevane sa/gjorde. Korleis kan det å observere tankeprosessane til elevane bidra til å utvikle undervisninga di?

C – Utprøving

45–60 minutt
Individuelt

Vel ei undervisningsøkt du skal gjennomføre.

Før økta: Vel sorteringsaktiviteten eller tilsvarande aktivitet som du tilpassar temaet for økta. Noter dei tankeprosessane du trur elevane vil bli engasjert i gjennom aktiviteten.

Etter økta: Kva tankeprosessar observerte du? Kva skjedde da? Beskriv kva elevane sa/gjorde. Korleis kan det å observere tankeprosessane til elevane bidra til å utvikle undervisninga di?

Ta med notata frå utprøvinga til D – Etterarbeid.

D – Etterarbeid

45 minutt
Grupper og plenum

Diskuter i grupper (20 minutt)

  • Korleis gjennomførte du sorteringsaktiviteten/tilsvarande aktivitet med elevane dine?
  • Kva tankeprosessar observerte du hos elevane?
  • Kva skjedde da? Beskriv kva elevane sa/gjorde.
  • Korleis kan det å observere tankeprosessane til elevane bidra til å utvikle undervisninga di?

Summer opp i plenum (10 minutt)

Summer opp i plenum der kvar gruppe fortel kva dei snakka om.

Tenk-par-del (10 minutt)

Korleis kan du bruke tankeprosessane i framtidig undervisningspraksis?

  • Tenk kvar for dykk (2 minutt).
  • Diskuter i par (3 minutt).
  • Del i plenum (5 minutt).

Vegen vidare (5 minutt)

Sjå gjennom Introduksjon og A – Forarbeid i det som blir deira neste modul.