Modul 3: Undervisning for djupnelæring
Oversikt
Målet med denne modulen er å planlegge, gjennomføre og reflektere over ei undervisningsøkt med fokus på eit terskelomgrep.
Ressursar
- Artikkel: Dybdelæring – å gripe terskelbegrepene (pdf)
- Presentasjon til modulen (PowerPoint)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen nøye.
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les først gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom presentasjonen til B – Samarbeid. Den kan du bruke som støtte til gjennomføring av samlinga.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
A – Forarbeid
- Les artikkelen Dybdelæring – å gripe terskelbegrepene. Denne bygger på artikkelen Å utvikle elevers begrepsforståelse fra modul 2, der terskelomgrep og overgangsfase blir introdusert.
- Skriv fem likeverdige uttrykk til `(15-5x)/(3) - (45)/(15)`.
- Lag ei oppgåve som skal vise at svaret ikkje alltid blir større når vi multipliserer to tal. Løys oppgåva med visualisering.
Ta med notata dine til B - Samarbeid. Dei skal de bruke i den vidare diskusjonen.
B – Samarbeid
Oppsummering av forarbeidet i grupper (20 minutt)
- Bruk nokre minutt kvar for dykk til å tenke gjennom det de gjorde i A – Forarbeid.
- Presenter løysingane på oppgåve i A - Forarbeid i grupper på tre-fire personer, og diskuter:
- Korleis kan det å skrive eit uttrykk på fleire ulike måtar hjelpe elevane å forstå brøk betre?
- På kva for ein måte kan visualisering hjelpe elevene til å forstå?
Planlegg eiga undervisning (40 minutt)
Arbeid i grupper på tre-fire personar.
- Vel eitt av terskelomgrepa som er felles for skulen (jamfør modul 2: Å utvikle matematiske omgrep).
- Planlegg ein undervisningssekvens der målet er at elevene skal utvikle forståing av dette omgrepet. Tenk spesielt på kva i omgrepet som kan gjere overgangsfasen vanskeleg for elevane. I undervisninga skal elevane få varierte erfaringar som utfordrar ufullstendig forståing og som klargjer innhaldet i omgrepet.
Hjelp til planlegging:
- Kva i omgrepet skal ha fokus i denne økta?
- Korleis vil de introdusere økta?
- Kva for representasjonar for omgrepet ønsker de at elevane skal bruke?
- Korleis vil de utfordre elevene si forståing?
- Kva for oppgåve(r) skal elevane arbeide med? Eventuelt i kva for rekkefølge?
- Kva for ulike løysingar forventar de at elevane kjem fram til, - riktige og gale?
- Korleis vil de bruke elevane sine svar, riktige og gale, til å sette fokus på ulike sider ved omgrepet?
- Korleis vil de samle trådane og ha ei oppsummering av økta med elevane?
Det de planlegg skal de gjennomføre med eigne elevar før D – Etterarbeid.
C – Utprøving
Gjennomfør undervisning de planla på den siste samlinga. Reflekter over følgande:
- Kjenner du att teikn på ufullstendig forståing av omgrepet de arbeider med?
- Vart elevane si forståing utfordra slik du ønska?
- Såg du eksempel på at eleva kom gjennom (delar av) vanskane i overgangsfasen? Forklar.
Erfaringane skal de diskutere i D – Etterarbeid.
D – Etterarbeid
Del erfaringar i grupper (20 minutt)
Jobb i gruppene frå B – Samarbeid.
- Fortel kvarandre korleis de oppdaga ufullstendig forståing av omgrepet.
- Kva i oppgåva/oppgåvene var godt egna til å utfordre eleven si forståing?
- Kva er typiske teikn på at elevane ikkje kom gjennom overgangsfasen?
Kvar gruppe noterer tre viktige moment frå diskusjonen.
Diskusjon og oppsummering i plenum (20 minutt)
- Del med kvarandre gode måtar å introdusere ei økt med vekt på å forstå eit matematisk omgrep.
- Kvifor er det viktig med fleire representasjonar for å hjelpe elevar med å utvikle forståing?
- Korleis kan ein utnytte feilsvar som utgangspunkt for djupare forståing?
- Kva er viktig å få med i oppsummering og avslutning?
Korleis kan de ta med desse erfaringane vidare i undervisninga?
Vegen vidare (5 minutt)
- Neste modul handlar om god øving og repetisjon.
- Gå gjennom A – Forarbeid.