Modul 1: Moglegheiter for realfag i nærmiljøet

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 95 minutt

Målet med denne modulen er å bli kjent med moglegheiter for realfagleg arbeid i eige nærmiljø. Personalet skal besøke stadar i nærleiken av eigen barnehage og reflektere saman over kva for realfaglege erfaringar barna kan gjere seg her.

Rammeplanen

Gjennom arbeid med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold

Personalet skal

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • styrke barna sin nysgjerrighet, matematikkglede og interesse for matematiske sammenhenger med utgangspunkt i barnas uttrykksformer

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen, og gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
  • Sjå på C – Utprøving, og bestem dykk for kva slags presentasjonsform de vil ha. Legg til rette for dette før D – Etterarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing til C – Utprøving:

  • Sørg for at gruppene drar til ulike stadar i nærleiken av barnehagen og at dei har kamera tilgjengeleg.

Førebuing til D – Etterarbeid:

  • Gjer klar datamaskin og skrivar slik at gruppene kan lage presentasjonen sin.
  • Lei diskusjonen omkring dei realfaglege moglegheitene på kvar stad.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Les artikkelen Muligheter for realfag i nærmiljøet, og skriv ned minst tre tankar eller idear som dukkar opp når du les artikkelen.

B – Samarbeid

10 minutt
Grupper

Oppsummer forarbeidet i grupper

  1. Del tankar og idear som kom fram i forarbeidet. Diskuter i gruppa korleis de ev. kan bruke ideane i praksis i eigen barnehage.
  2. Kva var nytt for dykk i dokumentet? Kva har de allereie arbeidd med?

C – Utprøving

45 minutt
Grupper

Mogleigheiter for realfagleg arbeid i nærmiljøet til barnehagen

I grupper skal de besøke ein stad i nærleiken av barnehagen. Kvar gruppe drar til ulik stad. Minst éi gruppe skal dra til eit naturprega område. Gjer dette utan at barna er med. På den valde staden skal kvar gruppe ta bilde av stadar/situasjonar de tenker gir moglegheiter for at barna kan gjere realfaglege erfaringar. Noter idear til aktivitetar knytt til kvart bilde.

Tilbake i barnehagen skal de anten skrive ut bilda på eit ark eller sette dei saman i ein PowerPoint-presentasjon eller liknande. Kvar gruppe skriv ein kort tekst omkring dei realfaglege moglegheitene som kvart bilde viser.

D – Etterarbeid

25 minutt
Plenum

Del erfaringar i plenum (20 minutt)

Kvar gruppe presenterer sine bilde og sin tekst for resten av personalet i barnehagen. Saman kan de løfte ulike perspektiv på realfag i kvar situasjon og utfylle ideane til kvarandre. Dokumentasjonen skal vere levande dokumentar som stadig er i endring, og som de viser fram og diskuterer med barna. Dette må derfor bli løfta fram i barnehagen med jamne mellomrom, og kan fungere som ein idebank for realfaglege aktivitetar når de er på tur i barnehagen.

Vegen vidare (5 minutt)

Bli einige om vegen vidare, og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.