Modul 3: Tursekken til barnehagen

Oversikt

80 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å bli kjent med kva som er lurt å ha i tursekken, og lære om korleis personalet og barna kan bruke utstyr på tur på ein god og hensiktsmessig måte.

Rammeplanen

Barnehagen skal

  • bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringer med naturen som fremmer evnen til å orientere seg og oppholde seg i naturen til ulike årstider
  • legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring
  • legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper

Personalet skal

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna
  • bruke (…) naturmaterialer, leker og utstyr for å inspirere barna til matematisk tenkning

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye, og sjå raskt gjennom modulen (A–D).
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom modulen og tekstane.
  • Førebu deg på at de skal samle utstyr å ha med på tur. Ta ein titt på lista som ligg i artikkelen om tursekken til barnehagen, og sjå om de har noko av dette liggande i barnehagen.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Les tekstane Barns bruk av utstyr på tur og Barnehagens tursekk – hva inneholder den? (forskerfrø.no). Reflekter over følgande spørsmål:

  • Kva har de med i sekken når de er på tur med barna?
  • Er det noko av utstyret som er nemnt i tekstane som overraska dykk?
  • Kva for eit utbytte har barna av å bruke utstyret som er nemnt i tekstane?

Noter nokre punkt og ta dei med til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

35 minutt
Grupper

Diskusjon i grupper (15 minutt)

I grupper skal de diskutere punkta de skreiv ned i A – Forarbeid. Begrunn for kvarandre vala de har tatt.

Planlegg utprøving (20 minutt)

Lag ein tursekk tilsvarande anbefalingane i Barnehagens tursekk – hva inneholder den? (forskerfrø.no). Fordel ansvar for eventuelle innkjøp og innhenting av utstyr, slik at sekken er ferdig til de skal på tur. I C – Utprøving skal de sjå korleis barna brukar utstyret. 

 

 

C – Utprøving

Den tida det tar
Utprøving med samarbeid

I utprøvinga skal de teste utstyret på den neste turen de har saman med barna. Gå gjerne til skogen / den faste turstaden, og ta dykk god tid på vegen til og frå staden. Når det oppstår realfaglege situasjonar ute, ta fram eigna utstyr for å sjå korleis barna brukar dette. Erfaringane de gjer saman med barna, skal de dele og diskutere i D – Etterarbeid. 

Tenk over følgande:

  • På kva måte blei utstyret introdusert for barna?
  • Blir aktiviteten rikare eller utvida, eller var det forstyrrande at utstyr blei introdusert?

D – Etterarbeid

30 minutt
Plenum

Del erfaringar i plenum (25 minutt)

Diskuter følgande:

  • Korleis blei utstyret introdusert for barna?
  • Korleis blei utstyret brukt av barna?
  • På kva måte blei aktiviteten rikare eller utvida?
  • Kva synest de om at barn lærer å bruke kniv?

Vegen vidare (5 minutt)

Bli einige om vegen vidare, og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.