Modul 2: Sortering utandørs

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 100 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å få

  • ei djupare forståing av sortering som grunnleggande realfagleg aktivitet
  • innsikt i korleis sortering kan brukast for å utforske naturen
  • idear til korleis de kan støtte og inspirere barna til å sortere noko dei finn utandørs

Rammeplanen

  • Barna skal få undersøke, oppdage og forstå sammenhenger, utvide perspektiver og få ny innsikt
  • Gjennom arbeid med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna undersøker og gjenkjenner egenskaper ved former og sorterer dem på forskjellige måter
  • Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna
    opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • Personalet skal legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som
    arena for lek, undring, utforsking og læring

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye, og sjå raskt gjennom modulen (A–D).
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • I B – Samarbeid skal du legge til rette for at de kan sjå dei to filmane.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

 

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Les teksten Hva er sortering? Etter at du har lese teksten, skal du skrive med eigne ord:

  • Kvifor sorterer vi?
  • Klassifisering og ordning er to ulike måtar å sortere på. Kva er forskjellen på desse to?

Ta med svara til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

55 minutt
Grupper

Oppsummering av A – Forarbeid (10 minutt)

Presenter notata frå det individuelle arbeidet for kvarandre. Kommenter innspela til kvarandre undervegs.

Klassifisering (15 minutt)

Sjå filmen Klassifisering. Etter de har sett filmen skal de diskutere følgande:

  • Kva for eit klassifiseringskriterium brukar barnet?
  • Elise har lite erfaring. Kva kunne ho ha gjort annleis i denne situasjonen?
  • Kva for nye idear har du fått til å oppmuntre, støtte og stimulere barna til å sortere ute?

 

Ordning (15 minutt)

Sjå filmen Ordning. Etter å ha sett filmen skal de diskutere følgande:

  • Kva for ordningskriterium brukar barnet?
  • Kva trur du barnet meiner med uttrykket «tvillingar», og korleis ville du møtt barnet i denne situasjonen?

 

Førebu utprøving (15 minutt)

Jobb individuelt eller fleire saman. Planlegg ein aktivitet som handlar om sortering utandørs. Aktiviteten skal de gjennomføre i ei barnegruppe i C – Utprøving.

Hugs at vi ikkje klassifiserer berre for å klassifisere, men for å studere og finne samanhengar i det vi er interesserte i. Følg derfor med på kva barna er interesserte i, og oppmuntre dei til å undersøke likskapar og ulikskapar i dette. Kva høyrer saman, kva skil seg heilt ut, kva liknar litt og på kva måte?

C – Utprøving

Den tida det tar
Individuelt eller fleire saman

Under gjennomføringa skal de reflektere over:

  1. Kva er barna interesserte i når dei er på tur?
  2. Korleis kan du oppmuntre, støtte og stimulere barna til å sortere?
  3. På kva måtar sorterer barna, og kva for kriterium brukar dei?
  4. Kva for omgrep brukar barna for å beskrive korleis dei har sortert?

D – Etterarbeid

30 minutt
Grupper og plenum

Erfaringsdeling i grupper (15 minutt)

Del erfaringar i grupper på tre–fire personar. Ta utgangspunkt i refleksjonspørsmåla frå C – Utprøving. Kvar gruppe noterer tre tips for korleis ein sorteringsaktivitet utandørs kan gjennomførast med ei gruppe barn.

Oppsummer i plenum (10 minutt)

Oppsummer i plenum tankar frå utprøvinga. Kvar gruppe deler sine tre tips med dei andre.

Vegen vidare (5 minutt)

Bli einige om vegen vidare, og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.