Modul 4: Kart og romforståing

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 90 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å forstå kva barna sine eigne kart kan fortelje oss om romforståinga deira, og korleis vi kan støtte dei vidare. Barn produserer mange ulike kart, og dette er ein del av utviklinga deira av romforståing.

Rammeplanen

Mengd, rom og form

Barnehagen skal bidra til at barna

  • bruker kroppen og sansane for å utvikle romforståing
  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

Natur, miljø og teknologi

Barnehagen skal bidra til at barna

  • blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye, og sjå raskt gjennom modulen (A–D).
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Skriv ut ressursheftet til deltakarane, dersom dei ikkje jobbar digitalt.
  • Etter C – Utprøving må du samle inn og kopiere eller ta bilde av karta barna har laga, slik at de kan diskutere dei i D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Les teksten Å finne noe – fra muntlig beskrivelse til kart på side 3 i ressursheftet (pdf).

B – Samarbeid

35 minutt
Grupper

Samarbeidsoppgave (20 minutt)

De skal studere fire praksishistorier og diskutere to spørsmål knytta til dei. Praksishistoriene finn de i ressursheftet (pdf) på side 10–13:

1. Les den første praksisfortellinga, og bruk Kartstigen (side 7 i ressursheftet) når de diskuterer følgande spørsmål: 

  • Kvar er barnet i si utvikling av romforståing? 
  • Kva for moglegheiter ser de for å støtte barna i den vidare utviklinga deira?

2. Les deretter dei neste praksisfortellingane, og diskuter dei same spørsmåla som over. 

Planlegg eiga utprøving (15 minutt)

Planlegg ein aktivitet som legg til rette for at barn lagar og/eller jobbar med kart. De skal gjennomføre aktiviteten med ei gruppe barn (C – Utprøving). De kan gjerne ta utgangspunkt i ein aktivitet beskrive i praksisfortellingane.

 

C – Utprøving

Den tida det tar
I gruppe saman med barn

Gjennomfør kartaktiviteten de planla i B – Samarbeid. Dokumenter det barna gjer, slik at de kan diskutere dette i D – Etterarbeid. For eksempel ved å ta bilde, skrive ned forklaring eller kopiere kartteikningane.

 

D – Etterarbeid

40 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper/par (15 minutt)

Sett dykk saman i grupper eller par, avhengig av kor mange de er.

Kvar gruppe/par får delt ut ein av dokumentasjonane. Studer dokumentasjonen og diskuter med gruppa. Finn minst tre interessante eksempel som de skal ta med til diskusjonen med resten av personalet etterpå. Det kan for eksempel vere korleis vi kan tolke romforståinga til barn.

Oppsummer i plenum (20 minutt)

  1. Oppsummer i plenum der kvar gruppe/par viser fram dokumentasjonen dei fekk delt ut og fortel om tre eksempla dei har diskutert. Gi dei andre moglegheit til å kommentere eller komme med tilføyingar om dei har sett noko meir eller har andre betraktningar.
  2. Snakk saman om følgande:
    • Kva opplevde de som interessant da de jobba med denne modulen?
    • Kva var utfordrande, og korleis kan dette ev. bli løyst?
    • Korleis vil de jobbe vidare med kart med barna i barnehagen?

Vegen vidare (5 minutt)

Bli einige om vegen vidare, og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.