Modul 1: Å gjere leiken rikare med naturfag

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 65 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å bli kjente med og øve på å nytte nokre didaktiske verktøy i møte med naturfagleg leik i barnehagen.

Rammeplanen

Arbeidsmåtane i barnehagen - Progresjon

Personalet skal:

  • oppdage, følgje opp og utvide det barna alt er opptekne av

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid
  • Skriv ut artikkelen Dinosaurleik til deltakarane, dersom dei ikkje jobbar digitalt.

A – Forarbeid

10 minutt
Individuelt

Les artikkelen Dinosaurleik. Artikkelen handlar om dinosaurleik i barnehagen og har fem tips til korleis vi kan gjere leikesituasjonar rikare med naturfag.

Skriv ned minst ein leikesituasjon med dinosaurar eller andre plastikkdyr som du har sett i barnehagen. Tenk over kva for eit av dei fem tipsa i artikkelen du kunne tenke deg å prøve ut. Ta med notata/svara til B – Samarbeid.
 

B – Samarbeid

30 minutt
Grupper

Summer opp forarbeid i grupper (10 minutt)

Bruk notata frå A – Forarbeid og fortel om leikesituasjonane til kvarandre. 

Gruppearbeid: Korleis gjere aktiviteten/leikesituasjonen rikare? (10 minutt)

Vel ein aktivitet/leikesituasjon under punkt 5 i artikkelen som de vil jobbe meir med. Diskuter moglegheiter for å gjere leikesituasjonen gruppa har valt rikare. Bruk dei andre fire tipsa frå artikkelen, og skriv ned alle forslag til moglegheiter. Ikkje alle tipsa vil vere aktuelle for alle leikesituasjonar, men de skal likevel diskutere moglegheitene i leikesituasjonen.

Artikkelen har tips til naturfaglege spørsmål og kommentarar som stimulerer til observasjon, utforsking og problemløysing.

Gruppearbeid: Planlegg utprøving (10 minutt)

Planlegg ei utprøving med barna basert på punkta de har diskutert.
Vel gjerne fleire aktivitetar dersom de har tid.

C – Utprøving

Den tida det tar
Individuelt eller fleire saman med ei gruppe barn

Gjennomfør den planlagte aktiviteten der du bruker tipsa de blei enige om i B – Samarbeid

Under gjennomføringa skal du observere og notere deg:

  1. Kva for nokre av tipsa for å gjere leiken rikare prøvde du ut?
  2. Kva førte dette tipset til? (Endring i leiken, endring i bruk av omgrep, andre ting?)
  3. Kva snakka de om? Kva spørsmål stilte dei vaksne og kva spørsmål/svar kom barna med. Kom dei vaksne med faktakunnskap? Gjorde barna det?
     

D – Etterarbeid

25 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (15 minutt)

Del erfaringar frå utprøvinga. Diskuter:

  • Kva for nokre av tipsa var enkle å prøve ut?
  • Hva for nokre av tipsa var meir utfordrande? Kva er moglege årsaker til dette og korleis kan det ev. løysast?
  • Diskuter korleis aktiviteten/leiken arta seg for barna.
  • Vel ut ei erfaring gruppa vil dele med resten i plenum.

Summer opp i plenum (5 minutt)

Summer opp i plenum der kvar gruppe deler ei erfaring frå utprøvinga..

Vegen vidare (5 minutt)

Bestem kva for ei pakke og modul de vil ta som den neste. Dersom de ikkje allereie har prøvd ut Å gjere leiken rikare med matematikk, foreslår vi at de startar med den.
Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.