Modul 3: Å observere saman med barn

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 105 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å utvikle kompetanse i å vere ein medobservatør når barn møter realfaglege fenomen. Korleis få barn til å observere nøye, sjå etter bestemte detaljar og vere merksame?

Modulen bygger vidare på modulen om utforsking i temaet «Kom godt i gang».

Rammeplanen

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna

  • får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • får kunnskap om dyr og dyreliv

Personalet skal

  • leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
  • synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i naturen

Frå fagområdet Mengd, rom og form:

Fagområdet omfattar leikande og undersøkjande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
  • Skriv ut artikkelen slik at alle deltakarane får eit eksemplar kvar.
  • Skriv ut bilda av vanleg krostroll dersom de ikkje skal sjå på dei på skjerm.
  • Tenk over kven av deltakarane som skal jobbe saman grupper.
  • Vurder om deltakarane skal arbeide i plenum eller bli delte inn i grupper i B – Samarbeid og D – Etterarbeid. Dette vil avhenge av kor mange de er, og kor trygge deltakarane er på å diskutere og presentere i plenum. Det viktigaste er å legge til rette for deling av refleksjonar og erfaringar, samt å stimulere til gode diskusjonar.

A – Forarbeid

20 minutt
Individuelt

Les artikkelen Å observere saman med barn (pdf). Legg merke til leseoppdraget i starten av teksten og ha dette i bakhovudet når du les. Noter stikkord undervegs:

  1. Kva er forskjellen på å sjå og å observere?
  2. Korleis kan du legge til rette for at barna brukar fleire sansar og legg merke til viktige detaljar når dei observerer?

Ta med stikkorda til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

55 minutt
Grupper

1. Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 minutt)

Basert på stikkorda de har notert, diskuter leseoppdraget frå forarbeidet.

2. Gruppearbeid – observasjon (20 minutt)

Diskuter bilda av sjøstjerna vanleg korstroll (pdf). Bilda viser sjøstjerna frå ulike perspektiv og ulik grad av zoom. Vel om de studerer bilda på skjerm eller om de skriv dei ut. For kvart bilde skal de beskrive kva de ser så detaljert som mogleg. Lag ei liste over kjenneteikn.

Les beskrivinga av sjøstjerner frå Artsdatabanken saman, og sjå innslaget om sjøstjerner frå programmet Tords garasje (nrk.no):

Diskuter kva meir de legg merke til med sjøstjernebilda.

3. Planlegg utprøving (20 minutt)

Bestem dykk for noko de ønsker at barna skal studere nærare og observere nøye. Det kan vere ein meitemark, eit insekt, ein blomster, eit blad eller noko som barna er spesielt opptatt av akkurat.

Utprøvinga består av at barna først teiknar eller malar det de har valt å studere, at de så observerer saman, og at barna så teiknar eller malar på nytt.

Planlegg kvar og korleis de og barna skal gjere observasjonar av det de har bestemt dykk for. Skal de ta med noko tilbake til barnehagen? Kva spørsmål de vil stille? Kva utstyr de skal bruke? Kven skal skaffe utstyret?

C – Utprøving

Den tida det tar
To eller fleire saman med ei gruppe barn

Gjennomfør aktiviteten de planla i B – Samarbeid.

Når de observerer saman med barna er det viktig å støtte barna i observasjonane slik at dei brukar fleire sansar og legg merke til detaljar.

Spørsmål som kan vere nyttige å stille er:

  • Korleis ser den ut?      
  • Kva farger ser du?
  • Er den lik på alle sider?
  • Korleis beveger den seg?
  • Kva ser vi i eit forstørringsglas som vi ikkje kan sjå med eigne auge?
  • Korleis kjennest overflaten ut?
  • Kva form har den? Kva mønster kan vi sjå? Har den symmetri? Korleis kan du beskrive det?
  • Korleis lukter den?

D – Etterarbeid

30 minutt
Grupper og/eller plenum

Del erfaringar i grupper eller i plenum (25 minutt)

Alle grupper/deltakarar tar med eksempel frå teikningane til barna både før og etter observasjonsarbeidet. Snakk for eksempel om:

Kva er likt og ulike på teikningane?

  • Kva detaljar kjem tydelegare fram etter observasjonen?
  • Kva blei barna opptatt av i observasjonen?

Snakk også om korleis de støtta og rettleia barna i å observere meir nøye. Skriv ned tre punkt som summerer opp kva de har lært av å arbeide med denne modulen.

Vegen vidare (5 minutt)

Bestem kva pakke/modul de vil ta som den neste. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.