Modul 2: Å gjere leiken rikare med matematikk

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 100 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å bli kjent med og øve på å nytte nokre didaktiske verktøy i møte med matematisk leik i barnehagen. 

Rammeplanen

Tal, rom og form

Personalet skal 

  • leggje til rette for matematiske erfaringar gjennom å bidra med matematiske idear og utdjupande samtalar i leik og kvardag

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid 
  • Skriv ut artikkelen 2 lekesituasjoner x 5 tips = Mer matematikk! og Tips til spørsmål og kommentarer som stimulerer matematisk tenking til deltakarane, dersom de ikkje jobbar digitalt.
     

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Les artikkelen 2 lekesituasjoner x 5 tips = Mer matematikk!
Artikkelen beskriv to vanlege leikesituasjonar i ein barnehage, bevegelsesleik og konstruksjonsleik, og viser fem forslag til korleis vi kan gjere leikesituasjonane rikare med matematikk. 

Sjå for deg ein typisk konstruksjonsleik frå barnehagen der eitt eller fleire barn bygger med klossar, brikker eller liknande. 
Tenk over og skriv ned: 

  • tre (eller fleire) matematiske erfaringar barna vanlegvis gjer seg i slik konstruksjonsleik. 
  • tre (eller fleire) matematiske erfaringar det er moglegheiter for i slik konstruksjonsleik og som barna vanlegvis ikkje ser. 

Ver førebudd på å dele desse punkta med dine kollegaer i B – Samarbeid.

B – Samarbeid

60 minutt
Grupper

Gruppearbeid knytt til forarbeid (10 minutt)

Diskuter moglege matematiske erfaringar i konstruksjonsleik. Kvar deltakar deler notata sine frå A – Forarbeid med kvar andre etter tur.

Gruppearbeid – planlegg å gjere konstruksjonsleik rikare med matematikk (30 minutt)

Ta utgangspunkt i ein leikesituasjon der barn bygger med klossar eller liknande.
Bruk dei fem tipsa frå artikkelen, og skriv ned alle forslag de kjem på av moglegheiter til å gjere leiken rikare slik at barna utvidar sine matematiske erfaringar og tenking.

På bakgrunn av tipsa frå artikkelen, skal de diskutere og notere ned: 

  1. Kva matematiske omgrep er det naturleg å bruke i leikesituasjonen? Korleis kan vi stimulere og støtte barna i å ta desse i bruk sjølv? 
  2. Kva spørsmål vil vi stille for å stimulere til vidare matematisk utforsking? 
  3. Kva materiell kan vi tilby for å gjere leiken rikare matematisk? 
  4. Kva historie kan vi tilby barna for å gjere leiken rikare matematisk? 
  5. Korleis kan vi tilby vår deltaking i leiken slik at han blir meir matematisk utan at vi tar over?

Bruk Tips til spørsmål og kommentarer som stimulerer matematisk tenking dersom de treng forslag til spørsmål og kommentarar når de diskuterer punkt 2. 

Gruppearbeid – planlegg ei utprøving med barna (20 minutt)

De skal nå planlegge ei utprøving med barna der de skal prøve ut det de har diskutert. I det daglege vil leikesituasjonar oppstå spontant, og ikkje alle tips til å gjere leiken rikare vil vere naturleg å bruke. For å øve på å gjere leiken rikare, skal de derfor legge til rette for ein leikesituasjon slik at de får prøvd ut tipsa og ideane deira. Ver merksam på å unngå å ta over eller styre leiken for mykje. 

a) Legg til rette for en konstruksjonsleik der barna blir tilbydd moglegheita til å bygge med klossar, f.eks. legoklossar, jovobrikker, kaplaklossar, multilinks eller anna egna materiell de har på avdelinga. 

b) Diskuter og ev. bestem kva for ein matematisk ide de vil at barna skal få erfaring med.
Her er nokre forslag til matematiske idear: 

  • dobbelt så stor
  • romomgrep
  • mønster i bygginga (særleg aktuelt i perling)
  • symmetri i byggverka (dei er like på begge sider)
  • måle lengde
  • dele opp og sette saman mengder (to firarar på ein legokloss er ein åttar til saman)

c) Diskuter og vel ut nokre av tipsa og ideane frå gruppearbeidet de vil bruke for å leie barna mot den matematiske ideen de vil dei skal få erfaring med. 
 

C – Utprøving

Den tida det tar
Individuelt eller fleire saman med ei gruppe barn

Gjennomfør den planlagde aktiviteten slik de blei einige om i B – Samarbeid

Under gjennomføringa skal du observere og (etterpå) notere deg:

  1. Kva for nokre av tipsa for å gjere leiken rikare prøvde du ut?
  2. Kva førte dette tipset til? (F.eks. endring i leiken, endring i bruk av omgrep, fokus på en matematisk ide, andre ting?) 
  3. Kva for eit av tipsa og ideane var best eigna til å gi barna erfaringar med den matematiske ideen de ønskte å rette merksemda mot?
     

D – Etterarbeid

25 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (15 minutt)

Be deltakarane sette seg saman i grupper og dele erfaringane sine frå utprøvinga. Diskuter: 

  • Kva for nokre av tipsa var enkle å prøve ut? Kva for nokre var meir utfordrande og kvifor? Korleis kan det ev. løysast? 
  • Diskuter korleis leiken arta seg for barna når de gjorde leiken rikare.
  • Kva matematiske erfaringar og idear fekk barna ved at de gjorde leiken rikare (som dei ikkje ville fått utan)?
  • Vel ut minst ei erfaring de vil dele med resten i plenum.

Summer opp i plenum (5 minutt)

Summer opp i plenum der kvar gruppe deler minst ei erfaring frå utprøvinga med dei andre deltakarane.

Vegen vidare (5 minutt)

Bestem kva for ei pakke og modul de vil ta som den neste. Dersom de ikkje allereie har prøvd ut Å gjere leiken rikare med naturfag, foreslår vi at de startar med den. Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.