Modul 3: Undervisning for djupnelæring

Oversikt

Tidsbruk for heile modulen: 150 minutt + utprøving

Denne modulen bygger på arbeidet frå modul 2 i denne pakken.

Representasjon og kommunikasjon

Målet med denne modulen er å planlegge, gjennomføre og reflektere over ei undervisningsøkt med fokus på eit matematisk omgrep.

Ressursar

Førebuingar for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye.
  • Gjer A – Forarbeid før de startar med  B – Samarbeid.

Førebuingar for den som leier modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom PowerPoint-presentasjonen du skal bruke under gjennomføringa av modulen
  • Gi deltakerane beskjed om å gjere A­ –  Forarbeid før dei startar med B – Samarbeid.

A – Forarbeid

30 minutt
Individuelt

Ta med notatane dine til B – Samarbeid.  Dei skal de bruke i vidare diskusjon.

B – Samarbeid

75 minutt
Grupper og plenum

Oppsummer forarbeidet i grupper (20 minutt)

  • Bruk nokre minutt kvar for dykk til å tenkje gjennom det de gjorde i A – Forarbeid. (5 minutt)
  • Presenter løysningane på oppgåva i A – Forarbeid i grupper på tre-fire personar, og diskuter:

    Korleis kan visualisering på fleire ulike måtar hjelpe elevane med å forstå brøk betre?

Utprøving av aktivitetar (20 minutt)

Bruk I-G-P ( Individuelt – Gruppe – Plenum) og gjennomfør opplegget som er beskrive i Powerpoint-presentasjonen.

Planlegg eiga undervisning (35 minutt)

Arbeid i grupper på tre-fire personar.

  • Vel eitt omgrep som er sentralt for elevane dykkar dei komande vekene.
  • Planlegg ein undervisningssekvens der målet er at elevane skal forstå dette omgrepet betre. Tenk spesielt på kva i omgrepet som kan vere vanskeleg for elevane. I undervisninga skal elevane få varierte erfaringar som utfordrar ufullstendig forståing og som utdjupar innhaldet i omgrepet.

Hjelp til planlegging

  • Kva i omgrepet skal ha fokus i denne økta?
  • Korleis vil de introdusere økta?
  • Kva for representasjonar ønskjer de at elevane skal bruke?
  • Korleis vil de utfordre elevene si forståing?
  • Kva for oppgåve(r) skal elevane arbeide med? Eventuelt i kva rekkjefølge?
  • Kva løysingar forventar de at elevane kjem fram til, - riktige og gale?
  • Korleis vil de bruke elevene sine svar, riktige og gale, til å sjå ulike sider ved omgrepet?
  • Korleis vil de samle trådane og oppsummere økta med elevane?

Det de planlegg skal gjennomførast med eigne elevar før D – Etterarbeid.

C – Utprøving

Ei undervisningsøkt
Individuelt

Gjennomfør undervisning de planla i siste samling. Reflekter over følgande:

  • Kva i oppgåva(ne) var godt eigna til å utfordre elevanes forståing?
  • Kva er typiske teikn på at elevane ikkje har fått ei fullstendig forståing av omgrepet?

Erfaringane skal de diskutere i D – Etterarbeid.

D – Etterarbeid

45 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 minutt)

Jobb i gruppene frå B-Samarbeid.

  • Korleis kan det være lurt å byrja ei økt kor fokus er forståing for eit matematisk omgrep?
  • Kvifor er det viktig med fleire representasjonar for å hjelpe elevar med å utvikle omgrepsforståing?
  • Korleis kan ein utnytte feilsvar som utgangspunkt for djupare omgrepsforståing?
  • Kva er viktig å få med i oppsummering og avslutning?
  • Korleis kan de ta med desse erfaringane vidare i undervisninga?

Kvar gruppe noterer tre viktige moment frå diskusjonen.

Oppsummering i plenum (20 minutt)

Kvar gruppe deler momenta sine med andre deltakarar.

Vegen vidare og neste modul (5 minutt)

  • Neste modul handlar om god øving og repetisjon.
  • Gå gjennom A – Forarbeid.