Modul 2: Å utvikle matematiske omgrep

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 165 minutt + utprøving

Denne modulen bygger på arbeidet frå modul 1 i denne pakken.

Representasjon og kommunikasjon

Målet med denne modulen er å arbeide for at elevane utviklar god forståing for ulike omgrep.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Sjå gjennom presentasjonen til modulen. Bruk den som støtte til gjennomføringa.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
  • Kopier skjema for omgrepsanalysen og undervisningsnotat til deltakarane.

A – Forarbeid

30 minutt
Individuelt

Noter og ta notatane med til B - Samarbeid.

B – Samarbeid

90 minutt
Grupper og plenum

Førearbeid og refleksjon (20 minutt)

Diskuter i grupper kva de meiner fremmer god forståing for ulike omgrep.

Omgrepsanalyse (25 minutt)

Bli samde om eit overordna omgrep som elevane skal arbeide med i løpet av de nærmaste vekene. Analyse av dette omgrepet dannar utgangspunkt for vidare arbeid.

Planlegge eiga undervisning (45 minutt)

Planlegg undervisning der det overordna omgrepet står sentralt. Undervisninga skal gjennomførast før de møtest til D – Etterarbeid.

Bruk vedlagte undervisningsnotat.

Gjennomfør aktiviteten med elevar før neste samling.

C – Utprøving

Del av ei undervisningsøkt
Individuelt

Gjennomfør den planlagde aktiviteten før de møtast til D – Etterarbeid.

Etter utprøvinga reflekterer du over:

  • Korleis fungerte den undervisninga de planla?
  • Kva for element frå planlegginga synest du fungerte godt og kva må du eventuelt arbeide vidare med for at elevane skal forstå omgrepet godt?
  • Kva for typar ufullstendig forståing av omgrepa og kva misforståingar ser du når du les elevane sine oppsummeringar?

Ta notatar og ta desse med til D – Etterarbeid.

D – Etterarbeid

45 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 minutt)

Diskuter refleksjonsspørsmåla frå utprøvinga

  • Korleis fungerte den undervisninga de planla?
  • Kva for element frå planlegginga synest du fungerte godt og kva må du eventuelt arbeide vidare med for at elevane skal forstå omgrepet godt?
  • Kva for typar ufullstendig forståing av omgrepa og kva misforståingar ser du når du les elevane sine oppsummeringar?

Diskusjon rundt vidare arbeid med omgrepet.

Oppsummer i plenum (20 minutt)

Gruppene presenter moment frå refleksjon og diskusjon.

Vegen vidare og neste modul (5 minutt)

Neste modul handlar om Undervisning for dybdelæring. De skal arbeide vidare med omgrepslæring.

Gjer A – Forarbeid for neste modul.