Modul 3M: Djupnelæring - GeoGebra
Oversikt
Målet med denne modulen er at de skal få innsikt i korleis ein kan bruke GeoGebra til å arbeide med djupnelæring gjennom å visualisere, generalisere, forklare og bevise.
Oversikt over ressursar
- Artikkel: Resonnering med GeoGebra (pdf)
- Undervisningsnotat nynorsk - bokmål (Word)
- Tabell Dybdelæring – GeoGebra nynorsk - bokmål (pdf)
- Presentasjon til modulen (Powerpoint)
Førebuingar for alle deltakarane
- Les målet for modulen.
- Last ned GeoGebra slik at du kan bruke det under arbeidet med modulen.
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuingar for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom presentasjonen de skal bruke under gjennomføringa av modulen.
- Sørg for at alle deltakarane har lasta ned GeoGebra og tek med datamaskin til B – Samarbeid.
- Kopier opp undervisningsnotatet og tabellen til alle deltakarane.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A-Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
A – Forarbeid
Les artikkelen Resonnering med GeoGebra.
- Skriv ned to punkt som du meiner er sentrale for at arbeidet med GeoGebra fører til djupnelæring.
B – Samarbeid
Oppsummering av forarbeidet i grupper (15 minutt)
Diskutere korleis GeoGebra kan fremme resonnering og bidra til djupnelæring.
Faglig påfyll (20 minutt)
Samanhengen mellom prinsipp for djupnelæring og GeoGebra.
Aktivitet (30 minutt)
Bruk presentasjonen til å gjennomføre opplegget «tegn et rektangel».
Diskusjon om opplegget.
Planlegge eiga undervisning (40 minutt)
- Planlegg ei undervisningsøkt der elevane brukar GeoGebra.
- Vel to av prinsippa for djupnelæring som de vil legge vekt på i denne økta.
- Dei dynamiske eigenskapane til GeoGebra skal danne utgangspunktet i planlegginga.
- De kan gjerne bruke opplegget «tegn et rektangel» eller et eksempel frå artikkelen.
- Fleire forslag finn de på Matematikksenteret si heimeside under læringsressursar.
Under førebuinga kan de gjerne bruke undervisningsnotatet som hjelpemiddel.
C – Utprøving
Gjennomfør den planlagde aktiviteten med GeoGebra.
Under gjennomføringa skal du reflektere over:
- Er det dei tekniske eller dei matematiske utfordringane som eventuelt hindrar elevane i å kome fram til konklusjonar?
Ta notatar og ta dei med til D – Erfaringsdeling.
D – Etterarbeid
Erfaringsdeling i grupper (30 minutt)
- Korleis oppdaga de kjenneteikn på djupnelæring hos elevane?
- Er det dei tekniske eller dei matematiske utfordringane som eventuelt hindrar elevane i å kome fram til konklusjonar?
- Utfordra opplegget elevane på prinsippa for djupnelæring?
- Korleis kan bruken av GeoGebra vere til hjelp i arbeidet med djupnelæring?
Oppsummering i plenum (20 minutt)
Kvar gruppe deler punkta sine.
Vegen vidare og neste modul (10 minutt)
Bli einige om de vil gjere ei ny utprøving av eit opplegg med GeoGebra eller om de vil gå vidare til neste modul: Djupnelæring – Regneark.