Modul 3: Å legge til rette for djupnelæring
Oversikt
Målet med denne modulen er å reflektere over kjenneteikn på djupnelæring hos elevane og grunngi korleis eiga undervisning legg til rette for djupnelæring.
Ressursar
- Elevark Levande/ikkje-levande (pdf)
- Skjema Overflatelæring/djupnelæring og Tankeprosessar (pdf)
- Presentasjon til modulen (PowerPoint)
Førebuing for alle deltakarane
- Les målet for modulen nøye.
- Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing for den som leiar modulen
- Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
- Sjå gjennom PowerPoint-presentasjonen som de skal bruke under gjennomføringa av modulen.
- Skriv ut skjemaa Overflatelæring/djupnelæring (pdf) og Tankeprosessar (pdf) til alle deltakarane.
- Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
Førebuing til B – Samarbeid:
- Skriv ut elevarka Levande/ikkje-levande (pdf) til kvar gruppe på tre–fire personar. Klipp ut (laminer gjerne) bilda, og legg kvart sett med bilde i kvar sin konvolutt. Kvar gruppe skal ha ein konvolutt med bildekort. I samarbeidsøkta skal gruppene sortere bilda i kategoriane levande og ikkje levande.
- Gi deltakarane beskjed om å ta med seg skjemaa Overflatelæring/djupnelæring og Tankeprosessar og notata frå A – Forarbeid.
A – Forarbeid
Skjemaet Tankeprosessar (pdf) listar opp beskrivingar av kva elevar gjer når dei utviklar forståinga si. Skjemaet Overflatelæring/djupnelæring (pdf), som blei gjennomgått i modul 2, skil mellom kjenneteikn på djupnelæring og kjenneteikn på overflatelæring. Samanlikn dei to skjemaa og reflekter over:
- Kva har dei til felles, og kva er forskjellen?
- Korleis kan du bruke desse i eiga undervisning?
Ta med svara/notata dine til B – Samarbeid.
B – Samarbeid
Summer opp forarbeid (10 minutt)
Bruk notata frå A – Forarbeid og diskuter i grupper på tre–fire personar:
Samanlikn dei to skjemaa.
- Kva handlar dei om?
- Kva har dei til felles, og kva er forskjellen?
- Korleis kan de bruke desse i eiga undervisning?
Kvar gruppe presenterer kort kva dei har snakka om.
Fagleg påfyll (5 minutt)
Felles gjennomgang.
Bruk tenk-par. Tenk kvar for dykk (1 minutt), diskuter i par (1 minutt):
- Kvifor er det viktig at du som lærar kjenner igjen djupnelæringsprosessar hos elevane?
- Korleis kan du observere dei?
Felles gjennomgang.
Gruppearbeid (40 minutt)
Følg lenka på lysarket og sorter bilda på nettsida i levande og ikkje-levande i fellesskap:
viten.no/filarkiv/levende/oppgave.html
Del ut Elevark 1 og konvolutt med bilde til kvar gruppe på tre-fire personar. Gruppene sorterer bilda i levande og ikkje levande.
Summer opp.
Bruk tenk-par-del om sorteringsaktiviteten med utgangspunkt i skjemaet Tankeprosessar (pdf):
- Tenk på da de sorterte bilda i levande og ikkje-levande. Vurder om, og eventuelt korleis, aktiviteten la til rette for djupnelæring. Bruk tankeprosessane til å grunngi.
Fagleg påfyll (20 minutt)
Felles gjennomgang.
Bruk tenk-par-del om metaperspektiv på læring og kunnskap:
- Kvifor er det viktig for eleven?
Summer opp.
Bruk tenk-par-del om metaperspektiv med utgangspunkt i tankeprosessane:
- Korleis kan du som lærar gi elevar metaperspektiv på kunnskap og læring ved hjelp av tankeprosessane?
Summer opp.
Bruk tenk-par-del om metaperspektiv med utgangspunkt i sorteringsaktiviteten:
- Korleis kan sorteringaktiviteten legge til rette for metaperspektiv på kunnskap og læring?
Summer opp.
Førebu observasjon i klasserommet (15 minutt)
Vel ei undervisningsøkt du skal gjennomføre.
Før økta: Vel sorteringsaktiviteten eller tilsvarande aktivitet som du tilpassar temaet for økta. Noter dei tankeprosessane du trur elevane vil bli engasjert i gjennom aktiviteten.
Etter økta: Kva tankeprosessar observerte du? Kva skjedde da? Beskriv kva elevane sa/gjorde. Korleis kan det å observere tankeprosessane til elevane bidra til å utvikle undervisninga di?
C – Utprøving
Vel ei undervisningsøkt du skal gjennomføre.
Før økta: Vel sorteringsaktiviteten eller tilsvarande aktivitet som du tilpassar temaet for økta. Noter dei tankeprosessane du trur elevane vil bli engasjert i gjennom aktiviteten.
Etter økta: Kva tankeprosessar observerte du? Kva skjedde da? Beskriv kva elevane sa/gjorde. Korleis kan det å observere tankeprosessane til elevane bidra til å utvikle undervisninga di?
Ta med notata frå utprøvinga til D – Etterarbeid.
D – Etterarbeid
Diskuter i grupper (20 minutt)
- Korleis gjennomførte du sorteringsaktiviteten/tilsvarande aktivitet med elevane dine?
- Kva tankeprosessar observerte du hos elevane?
- Kva skjedde da? Beskriv kva elevane sa/gjorde.
- Korleis kan det å observere tankeprosessane til elevane bidra til å utvikle undervisninga di?
Summer opp i plenum (10 minutt)
Summer opp i plenum der kvar gruppe fortel kva dei snakka om.
Tenk-par-del (10 minutt)
Korleis kan du bruke tankeprosessane i framtidig undervisningspraksis?
- Tenk kvar for dykk (2 minutt).
- Diskuter i par (3 minutt).
- Del i plenum (5 minutt).
Vegen vidare (5 minutt)
Sjå gjennom Introduksjon og A – Forarbeid i det som blir deira neste modul.