Modul 1: Problemløysing

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 95 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å få innsikt i kva problemløysing er og kvifor det er viktig. Modulen tilbyr eit forslag til ein aktivitet som kan stimulere nysgjerrigheita til barna og evna til problemløysing. De skal prøve ut aktiviteten med barn.

Barn møter mange situasjonar i kvardagen sin der dei løyser problem. Dei fleste slike situasjonar oppstår spontant. Av og til kan det vere nødvendig å legge til rette for ein situasjon som stimulerer barna til å vere nysgjerrige og få erfaring med å løyse problem.

Rammeplanen

Mengd, rom og form

Arbeid med fagområdet skal stimulere barna til undring, nysgjerrigheit og motivasjon for problemløysing. Fagområdet handlar òg om å stille spørsmål, resonnere, argumentere og søkje løysingar.

Barnehagen skal bidra til at barna

  • undersøkjer og får erfaring med å løyse matematiske problem og opplever glede ved matematikk

Personalet skal

  • stimulere og støtte barnas evne til problemløysing og hjelpe dei til å vere uthaldande

Natur, miljø og teknologi

Personalet skal

  • gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen nøye, og sjå raskt gjennom modulen (A–D).
  • Gjer A – Forarbeid individuelt før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • Skriv ut ressursheftet til deltakarane i gruppa, dersom dei ikkje jobbar digitalt.
  • Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de møtest til B – Samarbeid.

A – Forarbeid

15 minutt
Individuelt

Kvar deltakar les teksten Problemløsing i barnehagen på side 3 og 4 i ressursheftet (pdf). 

Mens du les teksten, skal du notere ned nokre eksempel på situasjonar der du sjølv har observert barn som nyttar strategiane beskrivne i teksten. Desse eksempla skal du dele med dei andre i personalet i B – Samarbeid.

 

 

B – Samarbeid

45 minutt
Grupper

Del dykk inn i grupper.

Samarbeidsoppgåve (15 minutt)

Deltakarane les notata sine frå A – Forarbeid høgt til kvarandre.

Ha oversikta med problemløysingsstrategiar framfor dykk (på side 5–6 i ressursheftet). Prøv å sortere dei ulike eksempla etter kva situasjonar som beskriv same strategi.

Diskuter følgande spørsmål:

  • Kva for ein strategi legg vi oftast merke til?
  • Kva for ein legg vi sjeldan merke til?
  • Korleis kan vi skape moglegheiter eller kva kan vi ev. gjere for å legge til rette for situasjonar der barna kan få bruk for / brukar denne strategien?

Planlegge eiga utprøving (30 minutt)

Les teksten om aktiviteten Historien om Røver-Rotta (side 8 i ressursheftet)

Diskuter om og korleis de vil tilpasse aktiviteten til lokale forhold. Aktiviteten skal bli prøvd ut med barn i C – Utprøving.

Bestem minst tre spørsmål de vil stille for å støtte barna i problemløysingsprosessen frå Tips til spørsmål og kommentarer som stimulerer matematisk tenkning (side 11 i ressursheftet).

 

 

C – Utprøving

Den tida det tar
Utprøving med samarbeid

Ein i personalet gjennomfører den planlagte aktiviteten Historien om Røver-Rotta saman med ei gruppe barn (bestem sjølve kor mange barn).

Under gjennomføringa skal de dokumentere (f.eks. notere eller ta bilde av) kva problemløysingsstrategiar barna nyttar seg av.

D – Etterarbeid

35 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (20 minutt)

Diskuter følgande:

  1. Kva strategiar kunne vi identifisere da vi gjennomførte aktiviteten Historien om Røver-Rotta?
  2. Korleis kan vi støtte barna i å bruke desse strategiane i andre situasjonar? Kvar gruppe skal notere tre tips.
  3. Korleis kan vi tilrettelegge for at barn får fleire erfaringar med problemløysing? Tenk på både spontane og tilrettelagde situasjonar.

Oppsummer i plenum (10 minutt)

Ta ei oppsummering i plenum der kvar gruppe deler dei tre tipsa sine med dei andre deltakarane.

Vegen vidare (5 minutt)

Bli enige om vegen vidare og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.