Modul 2: Å eksperimentere med naturvitskapelege fenomen

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 125 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å bli kjente med korleis vi kan legge til rette for at barna får eksperimentere med naturvitskapelege fenomen. 

Det handlar om å fange opp interesse barn har for et naturvitskapeleg fenomen, finne ein aktivitet som passar til å utforske fenomenet og støtte barna på ein rettleiande måte undervegs i eksperimentet. 

Rammeplanen

Natur, miljø og teknologi

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover

Ressursar

•    Modulhefte: Å eksperimentere med naturvitskapelege fenomen (pdf)
•    Eksperiment- og aktivitetsforslag (forskerfrø.no)

Førebuing for alle deltakarane

•    Les målet for modulen.
•    Gjer A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

•    Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
•    Skriv ut Å eksperimentere med naturvitskapelege fenomen til alle deltakarane, dersom de ikkje jobbar digitalt.
•    Gi deltakarane beskjed om å gjere A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.
•    Skaff materiell som de treng for å gjere eksperimenta i B – Samarbeid.
 

A – Forarbeid

20 minutt
Individuelt

Les teksten Å legge til rette for eksperiment i barnehagen i modulheftet. Legg merke til leseoppdraget i starten av artikkelen, og ha dette i bakhovudet når du les. Noter gjerne stikkord eller tankar undervegs. Desse tar du med deg inn i diskusjonen med kollegaene dine i B – Samarbeid.

Les så teksten Enkle eksperimenter med elektrisitet i modulheftet, og tenk gjennom kva for eit av eksperimenta du kunne tenke deg å teste ut med barna. Dette skal du også diskutere med kollegaene dine i B – Samarbeid.

B – Samarbeid

60 minutt
Grupper på tre–fire tilsette

Diskusjon knytt til forarbeid (15 minutt)

Del med kvarandre i gruppa refleksjonane de gjorde dykk under forarbeidet knytt til artikkelen Å legge til rette for eksperiment i barnehagen. Trekk gjerne inn erfaringar med eksperiment de har frå tidlegare i barnehagen.

Testing av eksperiment (20 minutt)

Gjennomfør alle eksperimenta beskrive i Enkle eksperimenter med elektrisitet. Undervegs diskuterer de følgande punkt for kvart eksperiment:

  • Korleis vil den praktiske gjennomføringa fungere i barnegruppa vår?
  • Korleis kan vi bidra til at barna jobbar utforskande i dette eksperimentet?

Planlegg ei utforsking med barna (25 minutt)

Planlegg ei utprøving med barna der de skal teste ut eit av eksperimenta knytt til fenomenet elektrisitet. Kvar gruppe planlegg eksperimentet med utgangspunkt i avsnittet Gode prinsipp for å drive med eksperiment i barnehagen frå artikkelen Å legge til rette for eksperiment i barnehagen. Eksperimentet skal de gjennomføre i barnegruppa før D – Etterarbeid.

C – Utprøving

Den tida det tar
To eller fleire saman

Det er ein fordel å vere to eller fleire tilsette ved gjennomføringa av eksperimentet, særleg med tanke på å kunne vere fleire som observerer korleis eksperimentet fungerer med barna og korleis de som vaksne rettleiar barna i utforskinga deira.

Under gjennomføringa skal du reflektere over

  1. korleis du støttar barna undervegs i eksperimentet
  2. samtalen med barna mens eksperimentet pågår
  3. korleis du kan få barna til å utvide utforskinga av fenomenet

Noter ned refleksjonane dine undervegs eller kort tid etter gjennomføringa av eksperimentet. Ta med notata til D – Etterarbeid.

D – Etterarbeid

35 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar i grupper (15 minutt)

Sett dykk saman i grupper, og del refleksjonar frå utprøvinga. Snakk gjerne generelt om korleis utprøvinga gjekk, men pass på å få med dei tre refleksjonspunkta frå C – Utprøving:

  1. Korleis støttar de barna undervegs i eksperimentet?
  2. Korleis var samtalen med barna mens eksperimentet pågjekk?
  3. Korleis fekk de barna til å utvide utforskinga av fenomenet?

Summer opp i plenum (10 minutt)

Kvar gruppe deler dei viktigaste refleksjonane som kom fram under erfaringsdelinga.

Vegen vidare (10 minutt)

Sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.