Modul 3: Å utforske tal

Oversikt

Tidsbruk heile modulen: 115 minutt + utprøving

Målet med denne modulen er å utvikle kompetanse om tal slik at de kan bidra til at barna leikar, utforskar og får rike erfaringar med tal, mengder og teljing.

Ein utvida kompetanse om tal vil gjere dykk i stand til å kjenne at, stimulere og legge til rette for at barn kan utforske tal i varierte og meiningsfulle situasjonar i barnehagen.

Rammeplanen

Mengd, rom og form

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på.

Ressursar

Førebuing for alle deltakarane

  • Les målet for modulen.
  • Gjer A – Forarbeid før de startar med B – Samarbeid.

Førebuing for den som leiar modulen

  • Les gjennom heile modulen, og førebu deg på å leie B – Samarbeid og D – Etterarbeid.
  • I B - Samarbeid skal du legge til rette for at de kan sjå filmen. Skriv gjerne ut planleggingsmalen til kvar gruppe.

A – Forarbeid

20 minutt
Individuelt

Skriv ned alle moglege situasjonar du kan komme på kor du møter eller brukar tal i løpet av ein dag. Lag ei liste. Lista tar du med deg til B – Samarbeid.

Les teksten Tal tel! Mens du les skal du notere ned minst tre eksempel på situasjonar der du har observert at barn i barnehagen brukar tal. Ta med notata til B – Samarbeid.

B – Samarbeid

60 minutt
Grupper

Gruppearbeid knytt til forarbeid (15 minutt)

La alle i gruppa presentere lista si og notat frå det individuelle arbeidet. Finn eksempel på at både de og barna i løpet av en dag møter og brukar kardinaltal, ordinaltal, parkopling, teljing, endring av mengder og simultanoppfatning.

Fagleg diskusjon knytt til filmen Maria teller (15 minutt)

Sjå filmen Maria teller tre gongar.

  • Kva kan de ut frå filmen seie om Maria si teljeforståing? Kva beherskar ho allereie? Kva treng ho meir tid og fleire rike erfaringar for å forstå?
  • Kva for nokre erfaringar har de i å støtte barn sine teljeferdigheiter i eigen praksis?

Planlegg utprøving (30 minutt)

Jobb to og to saman.

Forbered ein utforskande aktivitet, og knytt han til ein av desse tre delane av barn si talforståing:

  1. Teljing
  2. Dele opp og sette saman mengder
  3. Simultanoppfatning

Bruk planleggingsmalen for aktivitet knytt til tal.

Fordel arbeidsoppgåvene som å skaffe utstyr, dele barna inn i grupper og kven som gjer kva. Bli einige om korleis de skal dokumentere aktiviteten.

Samtykke ved bruk av film og bilder i barnehagen

I denne modulen kan dere filme eller fotografere gitte situasjoner som dokumentasjon. Sørg for at dere har de samtykker som kreves ved bruk av film og foto. Etter at modulen er ferdig skal alle mediefiler slettes fra alle enheter som er brukt.

 

C – Utprøving

Den tida det tar
To og to

Gjennomfør aktiviteten de planla i B – Samarbeid. Dokumenter det barna gjer slik at de kan diskutere dette i D – Etterarbeid. For eksempel kan de ta bilde, filme eller skrive ned utsegn frå barna.

D – Etterarbeid

35 minutt
Grupper og plenum

Del erfaringar frå utprøvinga i grupper (20 minutt)

Sett dykk saman i grupper.

Sjå på alle sin dokumentasjon frå utprøvinga, og diskuter kva sider ved tal barna fekk erfaringar med i dei ulike aktivitetane. Kva gjekk som forventa i utprøvinga, og kva blei de overraska over?

Skriv ned to punkt som summerer opp kva de har lært av å arbeide med denne modulen, og to punkt som beskriv kva de vil gjere annleis når de vidare skal bidra til at barn utviklar talforståinga si.

Summer opp i plenum (10 minutt)

Kvar gruppe deler punkta sine med dei andre gruppene.

Vegen vidare (5 minutt)

Bli einige om vegen vidare, og sjå gjennom Oversikt og A – Forarbeid i neste modul.